Hopp til innhold

Nektar å godta plastforbod

Byggeleiinga for verdas lengste undersjøiske vegtunnel, Rogfast i Rogaland, nektar å godta eit forbod mot å sleppe ut plastsøppel i sjøen. – Nokre miljøulemper er ikkje til å unngå, seier prosjektleiaren.

Ryfast-utslipp

Naturvernforbundet i Rogaland har plukka plastfiber i strandsona i Stavanger.

Foto: Erik Thoring / Naturvernforbundet i Rogaland

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Utsprenging av ein annan undersjøisk tunnel i Rogaland, Ryfast mellom Ryfylke og Stavanger, har ført store mengder plastsøppel ut i fjordsystemet i fylket.

Plastfiber i fokus, MDG,s Alexander Rütger-Raustein ute av fokus

Alexander Rügert-Raustein, leiar MDG i Randaberg, har funne plastbitar frå Ryfylkebassenget på Jærkysten.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Tunnelstein er dumpa i fyllingar i sjøen fleire stader. Den inneheld plastfiber som er brukt til å binde betong, og skyteledningar av plast brukt til å tenne på sprengladningar. Dei små plastbitane dukkar opp langs strandsona mange stader i fylket.

– Plastsøppelet i denne posen fann eg langs jærkysten ved Kvernevik i Stavanger. Det fortel at plastfibrane blir tatt av havstraumar og frakta ut av Ryfylkebassenget, seier Alexander Rügert-Raustein, leiar av Miljøpartiet Dei Grøne i Randaberg.

Godtar ikkje forbod

Mykje plastavfall i strandsonen, som følge av dumping av tunnelmassar i sjøen i Rogaland, har gjort at Fylkesmannen har skjerpa vilkåra for den neste store tunnelutbygginga i området.

Rogfast

Traséen for Rogfast-tunnelen under Boknafjorden i Rogaland.

Foto: Statens vegvesen

Når verdas lengste undersjøiske tunnel, på over 26 kilometer, skal sprengast ut under Boknafjorden, krev Fylkesmannen absolutt forbod mot plastsøppel.

Det er for mykje plast frå sprengingsarbeidet som flyt rundt i Ryfylkebassenget, men eit totalforbod mot plast, er å stilla altfor strenge krav, meiner prosjektleiar for Rogfast, Tor Geir Espedal.

Tor Geir Espedal

Tor Geir Espedal leiar planlegginga av Rogfasttunnellen på vegner av Statens vegvesen i Rogaland.

Foto: Statens vegvesen

– Desse krava må vera praktisk gjennomførbare, og etter vårt syn er dei ikkje det når Fylkesmannen krev at det skal vera null plast i tunnelmassane som skal fyllast ut i sjøen, seier Espedal.

Derfor har han anka vedtaket frå Fylkesmannen i Rogaland inn for Miljødirektoratet i Oslo.

Inga forståing frå MDG

– Eit slikt utsegn viser at vegvesenet ikkje har lært nokon ting av det som har skjedd i samband med utslepp av plastfiber og skyteledning i sjøen dei siste åra, seier Rügert-Raustein.

Han viser fram strandområdet Mekjarvik i Randaberg, der ein stor del av tunnelsteinen frå Rogfast skal lagrast. Massane skal dumpast i sjøen her på ned til 70 meters djup.

Det er så store mengder tunnelstein at det vil skape om lag 12 mål med nytt land i området når Rogfast-tunnelen står ferdig ein gong på 2020-talet.

Alexander Rütger-Raustein, MDG Randaberg, på Mekjarvik ved utfylling Rogfast-staden

Alexander Rügert-Raustein, MDG Randaberg, på Mekjarvik der utfyllinga med Rogfaststein skal plasserast.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Eg er overbevist om at me har flinke nok ingeniørar til å løyse problemet med plastavfallet, seier den kommunale MDG-leiaren, og legg til:

– Og skulle det likevel visa seg å vera eit uløyseleg problem, så kan me seie nei til heile greia.

Endrar sprengingsmetoden

Prosjektleiinga i Rogfast set si lit til at Miljødirektoratet overprøver Fylkesmannen sitt vedtak.

Utfyllingsplan i Mekjarvik med masse frå Rogfasttunnellen

Så mykje nytt "land" skal det bli på Mekjarvik av massen frå Rogfasttunnellen.

Foto: Statens vegvesen

Samstundes legg dei saka fram for Fylkesmannen ein gong til, der dei viser kva dei gjer for å få ned plastmengda, fortel Espedal.

Det handlar om ein ny skyteledning av metall, som søkk når den vert fylt ut i sjøen.

13/2: Prosjektleiar Tor Geir Espedal i Statens Vegvesen var i kapittel seks sitert på at "...eit totalforbod mot plastfiber er å stilla altfor strenge krav". Espedal brukte ordet "plast" ikkje "plastfiber". Dette er endra kl.0816.