Hopp til innhold

277 milliardar kroner til Noreg frå Petoro i 2023

277 milliardar kroner kom til Noreg frå Petoro i 2023. Ifølge selskapet er det nest høgaste resultatet i historia, men det er langt lågare enn året før.

Johan Sverdrup

Det blei seld litt mindre gass og litt mindre olje i 2023. Johan Sverdrup-feltet (bildet) gav likevel eit stort tilskot til produksjonen i Noreg.

Foto: Rolv Christian Topdahl / NRK

Resultatet på 277 milliardar er 251 mindre enn året før.

I 2022 var Petoro sitt årsresultat på 528 milliardar kroner. Dette var fem gonger eit normalår.

Nedgangen skjer i hovudsak fordi olje- og gassprisane har gått ned frå svært høge nivå året før. I snitt var oljeprisen 83 dollar per fat sist år, mot 104 dollar i 2022. Gassprisen blei om lag halvert frå 2022 til 2023.

Godt fornøgd med drifta

Etter tredje kvartal, som var det siste kvartalsresultatet Petoro offentleggjorde, var den såkalla «kontantstraumen» 219 milliardar fram til då. Dei tre siste månadene i 2023 gav 57 milliardar.

– Trass i lågare gassal og ei halvering av oppnådd gasspris frå året før, er vi godt fornøgd med drifta av felta i porteføljen vår, seier Kristin Kragseth, administrerande direktør i Petoro, ifølge ei melding frå selskapet.

Kristin Kragseth, administrerende direktør i Petoro

Kristin Kragseth, administrerande direktør i Petoro.

Foto: Jakub Krzysztof Spadlo / NRK

Ho seier anlegg som er godt haldne ved like er ein nødvendig føresetnad for pålitelege leveransar frå Noreg til Europa.

Inntektene er også viktige for Noreg, seier ho til NRK.

– Alt Petoro tener, går til staten. Vi har eit oljefond som blir brukt nå og skal bli brukt av generasjonar i framtida. Det er eg stolt av, seier ho.

Volumet av seld gass var 7 prosent lågare i 2023 enn året før på grunn av revisjonsstansar og mellombelse nedstengingar av enkelte felt.

Også oljeproduksjonen gjekk noko ned frå året før. Johan Sverdrup gav likevel sitt bidrag til produksjonen. I mai var det produksjonsrekord med 755.000 fat olje per dag.

«Halve» eksporten er olje og gass

Equinor sitt årsresultat i 2023 var rundt 400 milliardar kroner, også det lågare enn året før.

Eksportmeldinga for 2023 viser at inntektene frå olje- og gasseksporten fall med 800 milliardar kroner. Hovudårsaka er at gassprisen har stabilisert seg samanlikna med tidlegare år.

Olje- og gasseksporten er likevel på eit skyhøgt nivå, ifølge eksportmeldinga, som også omfattar fleire eksportprodukt.

Men nær halvparten av eksportinntektene til Noreg kjem frå olje og gass.

Petoro

Petoro har hovudkontor i Stavanger. Det blei oppretta i 2001, da Statoil blei privatisert.

Foto: Kirsti Wilhelmsen/NRK