Hopp til innhold
Villrein
Foto: Svein Hjelmeset

Villrein på Hardangervidda

  • Høg terskel for å stenga turisthytter på Hardangervidda

    I dag presenterte Klima- og miljødepartementet den nye stortingsmeldinga om den truga villreinen.

    Her er foreslått 50 tiltak for å betra forholda i villreinområda. Mellom anna kan turstiar i fjellet bli lagt om eller stengt, og det blir strenge restriksjonar for å bygga nye hytter eller vegar som kan forstyrra villreinen.

    Tidlegare har Statsforvaltaren og foreslått å stenga fire turisthytter for å endra ferdselen på Hardangervidda. Men det meiner klima- og miljøministeren at det skal vera høg terskel for å gjennomføra.

    – Det skal veldig mykje til før vi stenger turisthytter, seier Andreas Bjelland Eriksen.

    Villrein
    Foto: Runar Tufto
  • Vil ha forbod mot sau på beite

    Naturvernforbundet ønskjer eit forbod mot sauebeiting i villreinområde, fordi sau overfører farlege parasittar og endrar økosystemet i fjellet.

    Det er eit av innspela Naturvernforbundet har sendt til Klima- og miljødepartementet sitt arbeid med stortingsmeldinga for villrein, skriv Nationen.

    Dei foreslår også etablering av levedyktige bestandar av rovdyr som jerv, fjellrev og gaupe for å sikre mest mogleg naturlege og økologisk robuste økosystem.

    Naturvernforbundet etterlyser nye og kraftfulle grep for å sikre villreinen ei framtid i norske fjellområde.

  • Avgrenser organisert ferdsel på Hardangervidda

    Av omsyn til villreinen er det trong til å avgrensa og styra ferdsla i enkelte deler av Hardangervidda, opplyser Statsforvaltaren i Vestland på sine nettsider.

    Fram til nå har berre organisert ferdsel av større omfang vore søknadspliktig, men Statsforvaltaren ser seg nå nøydd til å skjerpa praksisen til å gjelda all organisert ferdsle til fots, på ski og med hundespann.

    – Mange små og store tiltak må til for å hjelpa villreinen, og me opplever at dei som organiserer turar har forståing for at me no strammar inn praksisen, seier Kjell Kvingedal, avdelingsdirektør for miljøavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestland.

  • Hevdar EU tvang Noreg til å skyte ned villrein

    EU pressa Noreg til å utrydde villreinstammen i Nordfjella etter skrantesjukeutbrot. Det hevdar tidlegare statssekretær i Miljødepartementet, Stein Lier Hansen.

    Mattilsynet på si side tilbakeviser påstanden om at Noreg skal ha blitt pressa av EU til å avlive reinen i Nordfjella.

    – Den nedskytinga som vart gjort i første omgang var ei politisk avgjerd basert på ei samla tilråding frå alle involverte partar. Det seier Inge Erlend Næsset, som er direktør for regelverk og kontroll i Mattilsynet til NRK.

  • Kan godta vinterjakt på reinsdyr

    Nestleder i villreinutvalget for Hardangervidda, Henning Poulsson, sier at de kan godta vinterjakt, men bare hvis gjenlevende dyr ikke blir unødig forstyrret. Mattilsynet og Miljødirektoratet anbefaler at det blir bukkejakt om vinteren på Hardangervidda i et forsøk på at bekjempe skrantesjuken blant dyra.
    Poulsson sier at ordinær jakt i utgangspunktet bør være det som regulerer villreinstammen

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no