Statssekretær i Klima og miljødepartementet, Aleksander Øren Heen (Sp), seier at regjeringa nå har behov for å ta vegval for villreinen.
– Det er på tide at Noreg som nasjon gjer nokre viktige vegval for den kritisk truga arten.
I vår kom fyrste kvalitetsnorma for villrein. Rapporten viste at heile seks av ti villreinområde ikkje er berekraftige.
Det er nokså unikt at ein bestemt art får si eige stortingsmelding, men regjeringa meiner det nå må på plass ei felles politisk plattform for den raudlista arten.
– Vi såg i kvalitetsnorma at det må til store tiltak, ikkje minst knytt til areal. For å gjera dei store tiltaka, treng regjeringa å ha Stortinget i ryggen, seier Øren Heen.
Strengare regulering av hyttebygging
Statssekretær Øren Heen seier den største trusselen mot villrein er den stadige innskrenkinga av leveområda.
Vi menneske tek i bruk stadig meir av villreinens leveområde. Både vegar, hyttebygging, ferdsel og kraftutbygging splittar opp leveområda til villreinen.
– Mellom anna må vi ha strengare regulering av hyttebygging, og vi må truleg også inn å regulere ferdsel i nokre område, seier Øren Heen.
Endre Lægreid er leiar i Villreinrådet i Noreg og meiner hyttebygginga i fjellet har tatt heilt av dei siste femti åra.
– Det har vorte eit enormt omfang på hyttebygginga i randsonene, og det fører til at store og viktige villreinområde går tapt.
Lægreid seier det har vore villrein i fjella våre i 10 000 år, men om vi ynskjer å ha villrein i fjella våre om hundre år, må det gjerast kloke og raske val.
– Vi ynskjer at alle sektorar og departement nå blir einige om at i nokre område skal villreinen ha fyrsteprioritet.
Aleksander Øren Heen meiner at ei stortingsmelding vil gje politikarane eit grunnlag for å ta dei rette vala framover, og at det vil koma tydelege prioriteringar frå staten på kor viktig villreinen er.
– Noko må vike for at villreinen skal få store og gode leveområde. Så det er det vi ynskjer med denne meldinga, at Stortinget nå går inn og gjer nokre prioriteringar mellom dei mange interessene i fjellet.
Både raske og langsiktige tiltak
I tillegg til stortingsmeldinga om villrein, lanserer også regjeringa meir direkte tiltak i dei områda med dårlegast tilstand.
– Vi kjem no med seks konkrete tiltaksplanar for å betre situasjonen raskt i dei verste områda, der hastar det, så der går vi inn med raske tiltak for å hindre at situasjonen blir verre.
Men Øren Heen trur ikkje totalt ferdselsforbod er vegen å gå.
– Men vi har hatt suksess med omlegging av turstigar og flytting av turisthytter, og det er sannsynleg at vi går vidare langs det sporet.
Nå har regjeringa vedteke at vi skal ha ei slik melding, og arbeidet startar nå. Dette blir ein brei prosess der vi må involvere både kommunen, kraftbransjen, reiseliv og fleire for å laga ei god framtid for villrein i Noreg.