Hopp til innhold

Her går villreinen i det planlagde skianlegget

Kontroversielle «Eidfjord Resort» eit snart eit faktum. Der det om kort tid blir bygd hytter og skiheisar, går det no store flokkar villrein.

Villrein i Sysendalen
Foto: Hardangervidda Villreinutvalg

Ved foten av Hardangervidda ligg Sysendalen. Dette er det siste året området står urørt. Når snøen smeltar startar bygginga av hytter og skiheisar.

Prosjektet har fått mykje motstand frå mellom anna naturvernarar, statsforvaltaren, og Statens vegvesen.

Til slutt gjekk Kommunal- og moderniseringsdepartmentet inn og gav utbyggarane løyve.

Eit av argumenta mot å bygga eit så stort prosjekt i området, er at mykje villrein ferdast der. Ifølgje utbyggaren er det ikkje eit problem.

Likevel vart ein villreinflokk på rundt 1000 dyr observert der denne månaden.

Villrein i Sysendalen

Om lag 1000 villrein beita i Sysendalen tidlegare i vinter.

Foto: Hardangervidda Villreinutvalg

– Menneske tek for mykje plass på vidda

Ein av dei som reagerer er Ruben Oddekalv, leiar i Norges Miljøvernforbund.

– Det er ganske kritisk. Reinsdyra på Hardangervidda er pressa og må leita for å finna mat. Dei områda dei trekkjer til no er viktige område, seier Oddekalv.

Bestanden av villrein på Hardangervidda er den største i Noreg.

Han meiner alpinlandsbyen bør skrinleggjast, slik at reinen får vera i fred.

Ruben Mjelde Oddekalv

Ruben Oddekalv i Norges Miljøvernforbund fryktar for villreinen på Hardangervidda.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen

– Sånn som det er no tek me menneske for mykje plass på vidda. Reinsdyra må få den plassen dei treng.

Oddekalv har tidlegare uttalt seg kritisk både til utbygginga og måten det vart gjort på.

– Når ein går så høgt opp i systemet for å køyra over den demokratiske prosessen, er det ei fallitterklæring, avsluttar han.

Den raude linja viser kor reinen har gått, i følge posisjonsverktøya til NINA.

Sa at reinsdyra var eit godt stykke unna

Så snart snøen er vekke går første spaden i jorda i Sysendalen. Dagleg leiar Torbjørn Torsvik gler seg til å koma i gang.

NRK var med prosjektleiar Ivan Løvheim opp i terrenget hausten 2021. Då forsikra han om at villreinen vanlegvis ikkje går i området dei skal bygga i.

– Sist det vart observert villrein i området her var det omtrent fem kilometer herifrå, sa Ivan Løvheim til NRK i 2021.
Hardangervidda Villreinutvalg

Torsvik seier dei er opptekne av å legga til rette for gode vilkår for reinen.

– Det er viktig for oss å vareta reinen og kulturarven me har. Så får me gjera det så godt me kan, seier Torsvik.

Han legg til at det er utfarten og trafikken rundt skiheisen som har vore utsett for kritikk.

– Sjølve Eidfjord Resort ligg inneklemt mellom alle hyttefelta som er der frå før. Det er skiheisen som det er stilt spørsmål ved.

Alpinlandsbyen Eidfjor Resort på Hardangervidda, illustrasjon

ALPINLANDSBY: Slik ser det ut når prosjektet er ferdig. Villreinflokken vart fotografert oppe til venstre i denne illustrasjonen.

Foto: Illustrasjon / Eidfjord Resort

Villreinnemnda godtek utbygging

Villreinnemnda for Hardanger har vore negative til utbygginga. Dei tek no vedtaket til etterretning, men peikar på kor fort store flokkar kan flytta på seg i tide og utide.

Det er lenge sidan det er observert villrein akkurat her.

– Det viser jo kor lite føreseieleg arealbruken kan vera, seier sekretær i Villreinnemnda, Kjetil Heitmann.

Hovudfokuset deira er no er at utfarten frå området blir så liten som mogleg.

– Diskusjonen er korleis ein kan avgrensa ferdselen frå Eidfjord Resort innover ville område, seier Heitmann.

– Villrein er hardt pressa

Vegard Gundersen er forskar ved Norsk institutt for naturforsking. Han seier at villreinen ikkje har det så lett om dagen.

– I Noreg er villrein hardt pressa på mange område. Det som før var store samanhengande område er no fleire oppstykka, seier Gundersen.

Gundersen understrekar at villreinen er ein av få artar som Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på.

I dag har arten status som «nær truga», og er dermed raudlista.

Vegard Gundersen, forsker ved NINA

Vegard Gundersen er forskar i Norsk institutt for naturforsking.

Foto: NINA

Villreinen på Hardangervidda er ei unik stamme, fordi dei har såpass store areal tilgjengeleg, og kan vandra mellom sommar- og vinterbeite.

– Sjølve hyttefeltet og skiheisen tek svært avgrensa areal, men det er all ferdselen ut frå dette området som er eit problem. Fotavtrykket frå eit hyttefelt blir så enormt mykje større enn sjølve hyttefeltet, seier Gundersen.