Hopp til innhold

Hevdar EU tvang Noreg til å skyte ned villrein

EU pressa Noreg til å utrydde villreinstammen i Nordfjella etter skrantesjukeutbrot. Det hevdar tidlegare statssekretær i Miljødepartementet, Stein Lier Hansen.

Reinsdyr skoten

AVLIVA: I Nordfjella vart kring 1385 reinsdyr avliva i kampen mot den frykta dyresjukdommen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

  • Saka er no oppdatert også med eigne intervju med Stein Lier-Hansen.

Skrantesjuke er på nytt blitt ei problemstilling etter at det vart påvist skrantesjuke på villreinen på Hardangervidda. For å få bukt med sjukdommen foreslår Mattilsynet og Miljødirektoratet intensiv jakt på reinsbukkar i vinter.

Første gong skrantesjuke vart påvist i Noreg og Europa var i Nordfjella i 2016. Det var også første gong sjukdommen vart påvist på reinsdyr.

Etter knallhardt press frå Brussel, bestemte norske styresmakter seg den gong for å skyte ned heile villreinstammen. Det hevdar Stein Lier-Hansen som var statssekretær i Miljødepartementet 2000–2001.

– Smitten førte til at det vart slått full alarm i EU. Dersom ikkje Noreg utrydda villreinen, kom vi til å verte møtte med handelsrestriksjonar på tamreinkjøtt frå EU, seier Lier-Hansen til Nationen.

Avviser krav

Mattilsynet på si side tilbakeviser påstanden om at Noreg skal ha blitt pressa av EU til å avlive reinen i Nordfjella.

Den nedskytinga som vart gjort i første omgang var ei politisk avgjerd basert på ei samla tilråding frå alle involverte partar. Det seier Inge Erlend Næsset, som er direktør for regelverk og kontroll i Mattilsynet til NRK.

Han seier han ikkje er kjent med at EU den gong stilte krav til korleis Noreg skulle handtere sjukdommen innanlands, eller kom med tilrådingar til korleis det skulle gjerast.

Han kjenner seg ikkje att i kritikken som no kjem frå Lier-Hansen, og meiner dei hadde stor fridom til fatte dei avgjerdene dei meinte var til beste for villreinen.

– Eg kan i alle fall ikkje seie at eg kjenner til at EU skal ha instruert om nedslakting av rein, seier Næsset.

Heller ikkje Jon Georg Dale (Frp), som var landbruks- og matminister då utskytinga vart bestemt, kjenner seg att i at EU pressa på.

– Det er så feil som du kan få det. Dette vart gjort på bakgrunn av klare veterinærfaglege råd og ikkje på noko anna grunnlag, seier Dale om den vanskelege avgjersla.

Dei kan avvise så mykje dei berre vil for min del, men det er ikkje tvil om det har skjedd, eg har svært sikre kjelder som var svært sentrale i denne prosessen etter at vi fekk denne smitten i 2016, seier Lier-Hansen til NRK.

Statlege jaktlag speidar etter villrein i Nordfjella.

Statleg jaktlag speidar etter villrein i Nordfjella i 2018.

Foto: Håvard Heggen / NRK

– Lar seg ikkje utrydde

Det er framleis uvisst kvar smitten som førde til utbrotet i Nordfjella i 2016 kom frå. Det same gjeld det siste utbrotet på Hardangervidda.

– Sjukdommen lar seg ikkje utrydde. Det å sette i verk tiltak som helikopterjakt om vinteren er heilt urimeleg, hevdar Lier-Hansen til Nationen.

Ifølge Lier-Hansen skal trusselen om restriksjonar ha kome fordi ein har vore redde for at smitten kan spreie seg til tamrein, men også over grensa til Sverige og Finland.

Dette hevdar han kan vere grunnen til at Mattilsynet og Miljødirektoratet no også tilrår å ta ut reinsbukk frå Hardangervidda.

Lier-Hansen er likevel optimistisk med tanke på framtida for reinstamma på Hardangervidda, men det hastar.

–Vi er på etterskot, men vi kan ikkje gi opp. Villreinen på Hardangervidda er etterkomarar av europeisk tundrarein, og Noreg har ein sjølvstendig og internasjonal forplikting til å ta vare på den villreinen som er att i Noreg.