Hopp til innhold

Fleirtal for gondolbanen som splittar byen: Vil bli den høgaste i Noreg

Skal ein bevara fjellet Rossnos slik det er? Eller skal fjellet bli tilgjengeleg for alle? Den planlagde gondolbanen i Hardanger splittar ein heil by.

Hardangerlift

GONDOLBANE: Om gondolbanen blir realisert så skal den gå frå Skalltaket i Odda sentrum og til toppen av fjellet Rossnos.

Illustrasjon: Reiulf Ramstad Arkitekter

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Planen er at gondolbanen skal gå mellom Odda sentrum og fjellet Rossnos.

Med sine 1404 moh. er det den høgaste fjelltoppen i Odda.

Fotturen opp er krevjande og tar rundt seks timar.

Men no kan fjelltoppen bli meir tilgjengeleg.

Eit fleirtal i fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune gjekk onsdag inn for å anbefala bygging av ein gondolbane opp hit. Ap, Høgre og Frp stemte for.

Hardangerlift

Med berre éi stemme overvekt gjekk det gjennom.

Foto: Reiulf Ramstad Arkitekter

Splittar byen

Prosjektet om gondol i Odda er omdiskutert i lokalsamfunnet og splittar byen.

Dei som ønskjer utbygging argumenterer mellom anna for at prosjektet vil føra til vekst i folketal og arbeidsplassar, i tillegg til positive verknadar i Odda sentrum.

Gondolbanen vil bli den høgaste i Noreg.

Dei som er i mot fryktar prosjektet kan kosta dyrt, både for naturen og villreinen, kommunekassa og andre turistsatsingar.

På Facebook er det blitt oppretta to grupper. «Ja til bevaring av Rossnos, nei til Gondol» og «Rossnos for alle! Ja til Gondol»

Her er det stort engasjement frå begge sider om vedtaket i fylkesutvalet.

«Her er det nok noen politikarar i Odda som har foret fylkespolitikarane med sine komplett uforståelege og totalt misvisande argumenter.»

«No vart eg oppriktig glad. Gåsehud faktor. Eit fornuftig vedtak tatt av nøytrale politikarar. Banen og naturen kan leve side om side»

«Ikkje til å tru»

«Positivt for oss alle»

– Høg temperatur

Lokalavisa Hardanger Folkeblad merkar at det framleis er djupe motsetnadar i gondol-saka.

– Det er høg temperatur i kommentarfelta både i sosiale medium og på eigne plattformer. Det går knapt ein dag utan at vi høyrer folk nemna dette prosjektet når vi er ute i felt, seier redaktør Eivind Dahle Sjåstad.

Han seier at det utvilsamt er ein stor siger for utbyggjarane og forkjemparane å få fleirtalet av fylkespolitikarane med seg.

– Det er og truleg eit knapt fleirtal i kommunestyret for å vedta detaljreguleringsplanen, men i oddapolitikken kan alt skje. Motstanden mot prosjektet er neppe mindre no enn før, seier Dahle Sjåstad.

Rossnos og Odda i haustfargar.

Haust i Odda. Fjellet Rossnos i bakgrunnen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Omdiskutert

Over heile landet blir det no lagt planar om å bygga baner som skal frakta opp mot 100.000 turistar til fjells kvart år.

I Loen har den nye skyliften i løpet av få år blitt ein stor attraksjon.

Men både frå folk flest og frå dei som er opptekne av natur- og miljø, er protestane mange til dei nye prosjekta.

På Voss blei det bråk då den nye gondolbana blei liggande rett over hustak. Fleire huseigarar fekk erstatning.

Kan få gondol frå Odda sentrum til fjellet Rossnos.

– Enda eit svik

Fylkesvaraordførar Natalia Golis (MDG) i Vestland fylkeskommune er overraska og skuffa over vedtaket i fylkesutvalet.

Ho meiner at partia med dette har brote eige vedtak, fordi fylket har eit overordna mål om å verna villreinens leveområde på Hardangervidda.

– Vi treng ikkje ein gondolbane på kvar einaste topp, seier Golis.

– Hardangervidda er stor. Er det nøye om akkurat denne delen får ein gondol?

– Villreinen blir allereie jaga av vegbygging, bustadar og hytter. Dette er berre endå eit svik mot vårt internasjonale ansvar for utryddingstrua villrein, seier ho.

K5BCktBohhY

Fylkesvaraordførar Natalia Golis (MDG) meiner at det er eit svik av partia å stemme for ein gondolbane. Ho er spesielt uroa for villreinen på Hardangervidda.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

Les også Raudt lys for seks av ti villreinområde

Villrein i Sysendalen

Fordelane veg tyngre

Arve Helle (Ap) i fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune trur gondolbanen vil generera aktivitet og gje eit løft til Odda sentrum.

– Vi trur at fordelane er større enn ulempene, seier han.

Han meiner det er spesielt positivt at gondolen skal gå frå det nedlagde smelteverket.

Han understrekar viktigheita av å leggja til rette for næringsutvikling. Men legg til at dei ikkje ønskjer å utrydda noko villreinstamme.

– Vi trur ikkje dette vil ha negativ påverknad på villreinen. Dette er ikkje inne i eit villreinområde, det er i utkanten, seier Helle.

Vegen vidare

Fylkesadministrasjonen ville sterkt rå fylkesutvalet ifrå å få gondolen realisert, men med ei stemme overvekt gjekk altså eit fleirtal i fylkesutvalet inn for å anbefala bygging.

Statsforvaltaren skal no vurdera om det er aktuelt å bruka motsegn. Om det ikkje skjer, kan kommunen gå vidare med planane.

Ved motsegn kan saka anten løysast ved at kommunen tilpassar planen, eller at dei i fellesskap kjem fram til ei løysing. Om det ikkje blir semje mellom kommunen og Statsforvaltaren, blir avgjerda flytta til departementsnivå.

Arve Helle

Arve Helle (Ap) trur gondolen vil generera aktivitet og gje eit løft til Odda sentrum.

Foto: Arne Stubhaug / NRK