Hopp til innhold

Raudt lys for seks av ti villreinområde

Seks av ti nasjonale villreinområde oppfyller ikkje regjeringa sin kvalitetsnorm for kor god tilstand eit villreinområde skal ha. Det viser Miljødirektoratet sin trafikklysmodell for villrein.

Villrein i Sysendalen

Dette bilete av villrein er tatt der toppstasjonen til turistdestinasjonen Eidfjord Resort er planlagt plassert i Sysendalen ved Hardangervidda.

Foto: Hardangervidda Villreinutvalg

I fjor kom villrein for første gang på raudlista som nær trua på grunn av bestandsnedgang. Dei største truslane er oppdeling av leveområda og sjukdommen skrantesjuke.

Dei siste livskraftige bestandane av vill fjellrein i Europa finst i Noreg.

I 2020 vedtok regjeringa ei kvalitetsnorm for villrein, som gir mål for kor god tilstand villreinområda skal ha.

Les også Ferdsel på vidda trugar villrein – vil flytte merka stiar og DNT-hytter

Sti ved Haukeliseter

Alarmen lyser raudt

På Miljødirektoratet si lansering blei det klart i kor stor grad dei ti nasjonale villreinområda i Noreg oppfyller desse måla. Dei har fått enten god, middels eller dårleg status.

Ellen Hambro

Direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro.

Foto: Christopher Isachsen Sandøy / NRK

– Alarmen lyser bokstaveleg talt raudt for villreinen i Noreg, og dermed den attverande villreinstammen i Europa. Kvalitetsnorma er meint å vere eit solid styringsverktøy for å betre situasjonen. Dette er særleg viktig i ei framtid der klimaendringane er forventa å skape ytterlegare utfordringar for villreinen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Dei ti nasjonale villreinområda er Setesdal Ryfylke, Setesdal Austhei, Hardangervidda, Nordfjella, Reinheimen-Breheimen, Snøhetta, Rondane, Sølnkletten, Forollhogna og Knutshø.

Rapporten er laga av ei uavhengig ekspertgruppe leidd av Norsk institutt for naturforsking (NINA), etter oppdrag og mandat frå Miljødirektoratet. Sjå heile rapporten her.

Les også Han har kjempa mot DNT-hytte i 50 år

Erik S. Winther

Ingen har god kvalitet

I heilskapsvurderinga av dei ti nasjonale villreinområda var det ingen som vart klassifisert til god kvalitet (grøn).

Forollhogna, Sølnkletten, Reinheimen-Breheimen og Setesdal Austhei fekk middels kvalitet (gul), og dei oppfyller dermed målet til kvalitetsnorma om minimum middels kvalitet.

Seks av ti nasjonale villreinområde vart klassifiserte til dårleg kvalitet (raud). Dette var Knutshø, Snøhetta, Rondane, Nordfjella, Hardangervidda og Setesdal Ryfylke.

Kvalitetsnorm for villrein
Foto: SKJERMDUMP/RAPPORT FRA NINA

Kvalitetsnorma for villrein er eit trafikklys-system som fortel kor god tilstanden for villreinen er i kvart enkelt villreinområde, og når det bør setjast inn forvaltningstiltak.

Hastar med tiltak

Artikkel 5 i kvalitetsnorma seier at viss kvaliteten i norma ikkje blir nådd, eller det er fare for dette, bør Klima- og miljødepartementet i samråd med andre rørte styresmakter utarbeide ein plan for korleis kvaliteten likevel kan bli nådd.

Det er den samla belastninga av ulike ferdselsformer som er hovudutfordringa for villreinen sin arealbruk.

Asle Øydvin er styremedlem i Eidfjord fjellstyre og Hardangervidda villreinutval.

Asle Øydvin er styremedlem i Eidfjord fjellstyre og Hardangervidda villreinutval.

Foto: Privat

Moglege tiltak for å auke villreinen sin bruka av Hardangervidda er å redusere opningstida på turisthytter, samt ikkje stikke løyper, avgrense motorferdsel for å forsøke å unngå konsentrasjon av dyr i kalvingstida.

– Det hastar med å setje inn tiltak. Godt samarbeid og god medverknad frå lokale og regionale styresmakter, sektorinteresser og brukarar vil no bli avgjerande i arbeidet med å utvikle gode tiltaksplanar for å betre situasjonen for villreinen, seier Hambro.

Ferdselen har auka

Asle Øydvin er styremedlem i Eidfjord fjellstyre og Hardanger villreinutval og har drive med turisme på Hardangervidda i mange år. Han seier villreinen blir pressa inn på eit stadig mindre område.

– Dei siste tjue åra har aktiviteten auka formidabelt oppe på Hardangervidda og rundt Hardangervidda. Det er korte periodar villreinen får vere i fred. Men dei periodane blir kortare og kortare.

Atle Bråtet er guide i Rondane. H

Atle Bråtet er guide i Rondane.

Foto: Even Lusæter / NRK

Atle Bråtet er guide i Rondane. Han meiner det er vanskeleg å drive næring med alle dei restriksjonane som finst i nasjonalparken.

– Det er eit så veldig smalt vindauge der det er mogleg å ferdast med organisert ferdsel at det ikkje er mogleg å skape arbeidsplassar.

Han meiner fleire av tiltaka som er innført ikkje er med på å endre eller minske ferdselen i Rondane.

– Eg saknar at reiselivet blir brukt som eit verkemiddel til å kanalisere ferdsel, og ikkje eit onde for forvaltinga av verna areal, seier Bråten.

DNT kan flytte turisthytter

Jan Erik Reiten i DNT Oslo

Jan Erik i Reiten i DNT Oslo.

Foto: Even Lusæter / NRK

Jan Erik Reiten i DNT Oslo seier rapporten til Miljødirektoratet bør vere eit godt grunnlag for å gjere tiltak for å ta vare på villreinen.

– Vi har vår del av skulda for dette, saman med mange andre.

Reiten seier at det turistforeininga har gjort i Rondane kan vere eit døme på kva dei kan bidra med.

– Vi har flytta nokon av hyttene våre, og lagt om nokon av turstiane våre. I tillegg har vi eit samarbeid med Miljødirektoratet om informasjon for å lære gjestane våre om villreinen og korleis ein skal oppføre seg i villreinfjellet.

Reiten viser også til at DNT er med i arbeidet for ein ny sti og løypeplan på Hardangervidda.

Villreinen er nasjonalt ansvar

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Aleksander Øren Heen, seier Miljøverndepartementet vil setje i gang det nødvendige arbeidet for å sikre villreinen sine levevilkår i Noreg.

Aleksander Øren Heen

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Aleksander Øren Heen (SP).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dette er ikkje overraskande, men det er jo ganske alvorleg. Og det stadfestar jo det vi fekk vite då villreinen kom på raudlista i haust. Dette er noko vi er nøydde til å følgje opp, for villreinen er ein av dei artane Noreg har ansvaret for.

Han seier at Miljødepartementet alt er i gang med ein dialog med Miljødirektoratet om korleis dei skal følgje opp rapporten.

– Det blir viktig at dei som brukar fjellområda også kan gjere det i framtida, men då må vi kanskje bruke områda på ein litt annan måte enn det vi gjer i dag. Dette handlar om kven som skal ha førsterett og fortrinn til dei store utmarksområda i landet vårt.

Øren Heen seier dette er ein stor nasjonal debatt, så her må også Stortinget inn for å ta avgjerder.

Tabell.
Foto: Skjermdump/Rapport fra NINA

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark