Hopp til innhold

Foreslår at turgåarane må vike for å redde den raudlista villreinen

Stenging av turisthytter, forbod mot kiting og omlegging av stiar. Det er blant forslaga for å redde den trua villreinen på Hardangervidda.

Gunhild Dalaker Tuseth, Statsforvaltaren i Oslo og Viken

Avdelingsdirektør Gunhild Dalaker Tuseth, Statsforvaltaren i Oslo og Viken. Hellevassbu er ei av hyttene som er foreslått skal bli stengt, og at turstien heller skal gå via Middalsbu.

Foto: Tale Hauso / NRK

Det er raude alarmklokker for Hardangervidda, og no er tida inne for å handle, seier avdelingsdirektør Gunhild Dalaker Tuseth i Statsforvaltaren i Oslo og Viken.

Statsforvaltaren foreslår fem tiltaksplanar for å styre ferdselen på ein betre måte, slik at villreinen får tilgang til område som den ikkje brukar i dag.

Dei foreslår å stenge fire turisthytter, og legge om stiar og løyper.

– Vi treng desse kraftfulle tiltaka som vil råke mange som brukar vidda. Men vi meiner det er nødvendig for at villreinen skal få det betre, seier Tuseth.

Tiltaksplan for Hardangervidda

Statsforvaltaren i Oslo og Viken presenterte i dag forslag til tiltaksplanar for Hardangervidda villreinområde.

Fleire faggrupper har vore i arbeid med å jobbe fram tiltak innan bestandsforvalting, motorferdsel, friluftsferdsel, kraft og anleggsvegar, arealforvalting og landbruk/utmarksnæring.

Tiltaka skal hindre ferdsel frå dei mest brukte innfallsportane til Hardangervidda som Haukeliseter, Hjølmoberget, Tinnhølen, Mogen og Imingfjell.

Stenger fire turisthytter

I dei fem tiltakspakkene så blir blant anna turstien frå Haukeliseter via Hellevassbu til Litlos og vidare til Besso turisthytter foreslått lagt ned. Turisthytta Hellevassbu blir foreslått stengt.

Vest på Hardangervidda blir det foreslått å stenge Torehytten og Hadlaskard turisthytte med tilhøyrande turstiar. I staden vil ein etablere ny sti og ny turisthytte mellom Tyssevassbu og Stavali.

I aust blir det foreslått å stenge turisthytta Lågaros med tilhøyrande stisystem. Og endre dagsturismen frå Mogen for å redusere ferdsel til Gjuvsjøen og Stordalsbu.

Føremålet med dei nye tiltaka er at dyra lettare skal kunne kome til gode beiteområde.

Hellevassbu turisthytte

Ein av vestviddas mest brukte innfallsporter er den T-merka ruta Haukeliseter - Hellevassbu - Litlos. Turisthytta Hellevassbu er no foreslått stengt.

Hadlaskard turisthytte Hadlaskard turisthytte ligger tre timers lett tur fra foten av Hårteigen.

Hadlaskard turisthytte er foreslått å stenge. Hytta ligg tre timers lett tur frå foten av Hårteigen.

Torehytten

Turisthytta Torehytten ligg ved Øvre Solvatnet med utsikt mot Hårteigen, denne er no foreslått å stenge.

Lågaros turisthytte

I aust blir det foreslått å stenge turisthytta Lågaros med tilhøyrande stisystem.

Kiting på Hardangervidda

Kiting, køyring med hundespann, og andre former for friluftsliv som til dømes fatbike vil vere forbode.

Bommen inn til Tinnhølen

Det blir foreslått å regulere bruken av anleggsvegen frå riksveg 7 til Tinnhølen og vegen inn til Hjølmoberget i Øvre Eidfjord for turistar og turfolk.

Forbod mot friluftsliv og motorferdsel

Vinterstid blir det foreslått å tidsavgrense kvisting av løyper og opningstider på turisthytter på Hardangervidda. Her vil det ikkje vere kvisting og opne turisthytter etter 1. april. Det vil heller ikkje bli lov med motorisert ferdsel etter 1. april.

Vegen over Imingfjell blir foreslått vinterstengt til 1. april eller påske.

Kiting, køyring med hundespann, og andre former for friluftsliv som til dømes fatbike vil vere forbode.

Føremålet er at reinsdyra skal sleppe å bli forstyrra i den mest sårbare tida om vinteren og på våren i kalvingsperioden.

Illustrasjonsbilde

Fleire turstiar og turisthytter blir foreslått lagt ned eller flytta for at villreinen skal få tilgang til gode beiteområde om sommaren.

Foto: Marius Dalseg Sætre / DNT

Legg ned turstiar og stenger vegar

Om sommaren vil det ikkje lenger vere lov å padle kano eller kajakk på Kvenna, eventuelt andre vassdrag.

Alle salteplassar for sauer blir også flytta vekk frå trekkpassasjer for villreinen i den vestre delen av Kvenna.

Det blir også foreslått å regulere bruken av anleggsvegen frå riksveg 7 til Tinnhølen og vegen inn til Hjølmoberget i Øvre Eidfjord for turistar og turfolk.

Vegen inn til Hjerdalen ved Rjukan fjellstue kan også bli stengt om nødvendig for villreinen. Stenging av Kromvikvegen og Bitdalsvegen i Vinje kan bli utvida.

Villreinkalv på Hardangervidda

Mange reinsdyrkalvar veg ikkje meir enn 10 kilo om hausten, og har vanskeleg med å overleve når vinteren kjem.

Foto: Anders Mossing / Norsk Villreinsenter

Reinsdyrkalvar veg berre ti kilo

Forskar ved Norsk Villreinsenter og NINA, Olav Strand, seier kvalitetsnorma viser at det ikkje står bra til med villreinen på Hardangervidda.

Olav Strand, forskar ved NINA og Norsk Villreinsenter
Foto: Tale Hauso / NRK

Det er reinsdyrkalvar som ikkje veg meir enn 10 kilo om hausten. Det er knapt levedyktig, seier Strand.

Strand er ikkje i tvil om at det er nødvendig med harde tiltak slik at villreinen får bruke meir av Hardangervidda, og får tilgang til det viktige beite på vestfjellet av vidda.

Det er ein tragedie at villreinen har mista høvet til å bruke dette område.

Strand fortel at villreinen brukar mindre enn tjue prosent av det totale arealet på heile Hardangervidda. Og det er den same flekken år etter år etter år som blir bruka.

Dei tjukke raude strekane viser stiar som blir foreslått lagt ned. Dei tre raudmerka hyttene blir også foreslått lagt ned. Den grøne er ny hytte.

Dei tjukke raude strekane viser stiar som blir foreslått lagt ned. Dei tre raudmerka hyttene blir også foreslått lagt ned. Den grøne er ny hytte.

Foto: Norsk villreinsenter
Dette viser fokusområde for å sikre haust- og vinterbeiter på nord- og østvidda med tangene østover.

Dette viser fokusområde for å sikre haust- og vinterbeiter på nord- og østvidda med tangene østover.

Her er fokusområde for å ta vare på dei urørte områda som reinen faktisk brukar i dag. Lågaros turisthytte blir foreslått lagt ned.

Her er fokusområde for å ta vare på dei urørte områda som reinen faktisk brukar i dag. Lågaros turisthytte blir foreslått lagt ned.

Det blir vurdert om det er mogleg å reetablere reinsdyrtrekk med landbruer, til dømes over Mår ved Synken, sør for dam på Strengen og ved Gravøyn.

Det blir vurdert om det er mogleg å reetablere reinsdyrtrekk med landbruer, til dømes over Mår ved Synken, sør for dam på Strengen og ved Gravøyn.

Fokusområde her er regulere ferdsel på bilvegar inn i villreinområdet. Og turstiar som deler opp villreinområdet.

Fokusområde her er regulere ferdsel på bilvegar inn i villreinområdet. Og turstiar som deler opp villreinområdet.

Kraftig kost for turistforeningen

Eigedomssjef i DNT Oslo og omland, Jan Erik Reiten, seier det er ganske omfattande tiltak som vil råke folks høve til å bruke Hardangervidda og tilbodet til DNT.

– Så det er klart, at det her er kraftig kost.

Jan Erik Reiten i DNT Oslo

Jan Erik Reiten er eigedomssjef i DNT Oslo og Omegn.

Foto: Even Lusæter / NRK

Reiten seier det er vanskeleg å spå konsekvensar dette får for DNT.

– Men det blir jo ringverknader. Ein ting er jo forslaget om å leggje ned nokon turisthytter og legge om turstiar. Men så er det jo også eit nettverk her som råkar både private turisthytter og DNT hytter.

Reiten seier at DNT ønskjer å bidra til at vilkåra blir betre for villreinen.

– Og vi har jo gjort ein del ting i dei åra som har gått.

Stortingsmelding om villrein

Villreinen på Hardangervidda utgjer om lag 30 prosent av den europeiske villreinstammen som Noreg har eit særskilt ansvar for å ta vare på.

Den 1. desember går tiltaksplanane vidare frå statsforvaltaren til Miljødirektoratet, som igjen sender dei vidare til Klima- og miljødepartementet. Departementet vil igjen sende tiltaksplanane ut på ein høyringsrunde.

Det går også føre seg liknande arbeid i seks andre villreinområde. Forslaga blir eit innspel til Stortingsmeldinga om villrein som kjem våren 2024.