Prest tiltalt for overgrep mot barn
Ein mannleg prest er tiltalt for nettovergrep mot fleire barn. Han skal ha tatt kontakt med barna frå prestebustaden.
Mannen sit i dag varetektsfengsla, skriv Dagbladet.
Tiltalen omhandlar fem fornærma. Den yngste var i tiårsalderen då overgrepa skal ha skjedd. Mannen skal ha betalt barna med pengar og gåvekort for å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv. Han er og tiltalt for å ha overgrepsmateriale i form av minst 90 bilde og 1807 videoar.
Mannen sin forsvarar vil ikkje kommentere saka overfor NTB.
Biskopen i det aktuelle bispedømet reagerer kraftig på saka.
– Eg er djup skaka over det som har skjedd. Det er ei veldig alvorleg sak, og det er viktig å seie at vedkomande er oppsagd, seier biskopen til Vårt Land. (NTB)