Forhandlingar om EU-medlemskap startar neste veke
Neste veke går EU-landa i gang med forhandlingar om EU-medlemskap med Ukraina og Moldova, skriv nyheitsbyrået AFP.
Forhandlingane markerer første steg i vegen mot medlemskap i unionen.
Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj er glad for at forhandlingane går i gang.
– Millionar av ukrainarar og generasjonar av folket vårt realiserer nå sin europeiske draum. Ukraina vender tilbake til Europa, der det har høyrt heime i hundreår, seier han i ei fråsegn.