Hopp til innhold

Stort russisk missilangrep på Ukraina

Minst to personar har mista livet etter at Russland har gjennomført eit omfattande rakettangrep i Ukraina måndag.

Russia Ukraine War

Eitt av fleire hus i Zaporizjzja som blei øydelagt i russisk angrep måndag, ifølgje den ukrainske militæradministrasjonen.

Foto: AP

Flyalarmen gjekk både i hovudstaden Kyiv og fleire andre byar måndag formiddag.

– De må ikkje ignorere flyalarmen, sa president Volodymyr Zelenskyj sin stabssjef, Andriy Yermak.

Mange følgde oppfordringa, og søkte ly på T-banestasjonar under bakken. Temperaturen i Kyiv ligg på rundt fem minusgrader.

Civilians take shelter Kyiv

Innbyggjarar i Kyiv søkjer ly på T-banen etter at flyalarmen nok ein gong har gått i hovudstaden.

Foto: DIMITAR DILKOFF / AFP

Straumbrot

Det ukrainske luftforsvaret opplyser at over 60 av dei rundt 70 rakettane som Russland sende mot ukrainske mål, blei skotne ned.

Men ifølgje presidentens kontor har russiske rakettar øydelagt fleire bustadhus i byen Zaporizjzja. To menneske er drepne og tre såra. Det blir også meldt om eksplosjonar i Lviv, vest i landet.

Bilete i sosiale medium viser at det stig opp røyk like ved eit kraftanlegg sør for Kyiv. Kyiv Independet skriv at rundt 40 prosent av innbyggjarane i Kyiv fylke miste straumen etter angrepet.

Frå kystbyen Odesa blir det meldt at byen er utan vatn fordi ein rakett har kutta straumforsyninga til pumpestasjonane.

I området rundt Mykolajiv er straumen slått av for å redusere faren for brann, ifølgje ordføraren i byen.

Kyiv Independent skriv at dei russiske angrepa også har ført til straumbrot i nabolandet Moldova.

Verfisert av: Faktisk verifiserbar 
To overvåkningsvideoer fra boligblokker i området, bekrefter at det har skjedd en eksplosjon, men vi kan ikke verifisere hundre prosent at det faktisk har skjedd på flyplassen.

Verifisert av Faktisk verifiserbar. To overvakingsvideoar frå bustadblokker i området, stadfester at det har skjedd ein eksplosjon, men vi kan ikkje verifisere hundre prosent at det faktisk har skjedd på flyplassen.

Eksplosjonar i Russland

Tidlegare måndag blei det meldt om to eksplosjonar på militære flyplassar vest i Russland. Minst tre menneske er døde og mange andre er såra i eksplosjonane.

Den eine eksplosjonen skal ha funne stad på ein base ved byen Engels, som ligg rundt 46 mil i luftlinje frå grensa til Ukraina. Avstanden til Moskva er 720 kilometer, og basen er heimebase for strategiske bombefly av typen TU-160 og TU-95.

Ifølgje Faktisk Verifiserbar, som har faktasjekka opplysningane, viser to overvakingsvideoar frå bustadblokker at det utan tvil har skjedd en eksplosjon, men Faktisk kan ikkje stadfeste at det skjedde på flyplassen.

Ria Novosti melder at president Vladimir Putin skal ha blitt informert om hendinga.

Det skal også ha vore ein eksplosjon på ein tankbil ved en flybase i Rjasan i Russland. Putin sin talsmann, Dmitry Peskov kunne ikkje gje noko meir informasjon til pressa om det som har skjedd.

Det er ikkje klart kva som er årsaka til eksplosjonane.

SISTE NYTT

Siste nytt