Det eine skipet kasta anker på Herlandsvika, medan det andre grunnstøytte og forliste vest for Halsøyna og ein av mannskapet drukna.
2. VERDSKRIG:
Øyane Bulandet og Værlandet var ei av dei viktigaste fluktrutene frå Noreg til Shetland under første del av 2. verdskrig.
BACO-direktøren evakuert
Like etter krigsutbrotet i april 1940 vart den britiske fabrikkdirektøren ved
British Aluminium Company i Stongfjorden evakuert tilbake til Storbritannia av ein britisk ubåt.
Aksjonen mot Bulandet/Værlandet i 1942 kom etter avsløringa av to motstandsfolk i Telavåg på Sotra, der tyskarane brende ned hus og gardar, og deporterte bygdefolket.
|
Minnestøtte i Kvammen med inskripsjon: Desse ofra livet i Marinen for frigjeringa av landet: Ove Alen f. 20.7.1921 omkom 11.12.1942, Sigurd Rørvik f. 26.3.1919 omkom 26.11.1944, Ivar Underlid f. 30.6.1917 omkom ved luftåtaka 8.11.1944. |
- mysteriet med to levande og to døde i 1943.
Linge-karane Fasting Aall og Marthinson
Linge-karane
Christian Fredrik Fasting Aall og Erling Marthinson vart april 1942 sett i land på Melvær saman med ei last våpen som skulle til Bergens-avsnittet. Dei reiste vidare til Osterøy, men vart oppdaga, og begge vart avretta i oktober 1943. Aaal ligg gravlagt i Vik i Sogn.
Vestige I, II og III
var kodeorda for tre sabotasjeaksjonar som Kompani Linge gjennomførte mot tyske skip hausten 1943. To av desse vart gjennomførte i Sogn og Fjordane, den eine i Svelgen (sjå:
Krigshistoria i Bremanger) og den andre i Askvoll (Vestige II). I oktober 1943 vart ei gruppe soldatar utstyrte med kajakkar sette i land ved Granesundet. Dei skulle feste sprengladningar på tyske skip på Askvika og senke dei. Dårleg ver hindra aksjonen, og soldatane rodde heilt til Ålesund for å sleppe unna.
|
Oddny og Anton Hollevik vart arresterte og torturerte for bruk av radiotelegrafi i mars 1945. Til høgre: Georg Esswein og Gestapo-sjef Helmut Klötzer. |
Dei første agentane kom til Staveneset i november 1941. Gestapo slo til i 1945.
På Staveneset er det eit minnesmerke over to norske flygarar som vart skotne ned.
- merkelege observasjonar på Atløy.
Innløpet til Stongfjorden var ei sentral konvoihamn. Fleire tyske skip vart senka her og på dei opne havstykka Vilnesfjorden og Stavfjorden. M.a. vart vraket av ”Lynx” grunnstøtt på Staveneset.
Dei tyske kystfestningane på Eimind og på Flokeneset var nokre av dei sterkaste på Vestlands-kysten.
Ytst mot havet på Atløy låg ein flymeldepost, og seinare i krigen bygde tyskarane radar på Sandøy ved Værlandet.
I Biskopshavn på Røyset like nord for Askvoll hadde tyskarane eit svært hemmeleg anlegg.
Tyskarane bygde den store festninga på Flokenes frå hausten 1941. Tyskarane bygde den store festninga på Flokenes frå hausten 1941.
I 1942 installerte tyskarane eit par kanoner i eit batteri i Stongfjorden, men satsa seinare på eit fort lengre ute, på Eimind.
9-åring drepen av mine
Hausten 1944 vart den ni år gamle
Trygve Dalsøren drepen av ei mine i eit minefelt på Røyset like nord for Askvoll. Han leika saman med eit par kameratar då ulukka hende.
|
Heimefronten i Stongfjorden i mai 1945. Foto utlånt av Solfrid Yndestad |
|
17. mai-toget i Askvoll 1945. Foto: Abraham Strømmen |
Sjå også bilete:
·
Minnestein ved Askvoll kyrkje over falne i 2. verdskrig