SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Askvoll:

Mange skip senka kring Askvoll

"Tyrifjord" i brann på Askvika etter å ha vorte bomba 20. september 1944.
Askvika og Eidsfjorden ved innløpet til Stongfjorden var sentrale konvoihamner. Fleire tyske skip vart senka her og på dei opne havstykka Vilnesfjorden og Stavfjorden. Som fylgje av dette vart det sett forbod mot båttrafikk til Askvoll om natta. Eidsfjorden vart teken i bruk som konvoihamn frå 1943.

Publisert 29.08.2002 14:56. Oppdatert 13.11.2006 11:07.
Fylgjande bombeåtak med dramatisk utfall er registrerte kring Askvoll:

Oktober 1940

Den norske lastebåten "H.J. Kyvik" vart bomba og søkkt ved Geita fyr. Fem av mannskapet miste livet.

Mai 1941

Bergensbåten "Gol" vart bomba ved Tussen og slept inn på Herlandsvika på Atløy. Seks av mannskapet miste livet.

November 1941

Fylkesbaaten "Hornelen" vart utsett for flyåtak ved Askvoll. Ingen personar skadde.

Februar 1942

To MTB-ar senka to norske skip i handelsfrakt for tyskarane ved Askvoll. Skipsnamna ukjende.

Oktober 1942

Tyske "Libau" på 3000 tonn vart torpedert av ubåten "Uredd" i Vilnesfjorden. Skipet vart skadd og landsett i Askvoll.

November 1942

Eit av dei mest vellukka MTB-raida mot Vestlandskysten under 2. verdskrig var åtak mot ein tysk konvoi på hamna i Askvoll natta til den 26. november 1942: Tre MTB-ar deltok i åtaket. Dampskipet "Hertha" på 2100 tonn vart torpedert på Askvika. Vart hardt skadd, men greidde å ta seg til Bergen. Under same åtak vart "Hafnia" på 2100 tonn skadd i baugen. Begge desse skipa var norske.
Eit tysk lasteskip, "Harvestehude" på 8000 tonn, låg for anker i Askvoll. Det fekk også treff, men heldt seg flytande på pumpene. Også eit fjerde skip skulle vere treft, men kva dette heitte og omfanget av skaden er uklårt.

September 1944

Amerikalinjens "Tyrifjord" (sjå bilete øvst på sida) og Bergenskes "Lynx" bomba av 28 fly i Granesundet og ved Stavenes (sjå: Telegrafistar og tortur på Staveneset). "Lynx" vart sett i land på Stavenes, medan den brennande "Tyrifjord" vart sett på grunn ved Askvoll. På "Lynx" vart ein mann drepen. Same dag vart Bergenskes "Ursa" skadd ved flyåtak på Stavfjorden.
"Ursa" i brann etter åtak på Stavfjorden 19. september 1944.

Desember 1944

- Om norske "Havda" ved Lutelandet - sjå: Krigshistoria i Fjaler.

Januar 1945

Bjergingskompaniet sin "Bjergfin" vart senka i Eidsfjorden. Ein mann vart drepen. Under same åtaket vart tyske "Ilse Fritzen" på 4883 tonn senka i Eidsfjorden.

Mars 1945

Tyske "Sivas" på 7500 tonn bomba og sett i land på austsida av Atløy.

Mars 1945

Wilhelmsen sin "Tugela" på 7918 tonn vart sprengt av ei mine og sett på land ved kyrkja i Askvoll.

MEIR OM ASKVOLL 
Askvoll kommune

 
Aviser og media i Askvoll
Historia i Askvoll
Industri og næring i Askvoll
Kjende personar i Askvoll:
Kommunehistoria i Askvoll
Krigshistoria i Askvoll
Kyrkjer i Askvoll
Samferdsle i Askvoll
Skular i Askvoll
Verd å sjå i Askvoll

 
Lyd frå Askvoll
Video frå Askvoll
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no