SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Askvoll:

Massearrestasjonen på øyane

Bjarne Hillersøy var mellom dei som vart arresterte av Gestapo. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune
Bjarne Hillersøy var mellom dei som vart arresterte av Gestapo. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune
Aksjonen mot Bulandet/Værlandet våren 1942 kom etter avsløringa av to motstandsfolk i Telavåg på Sotra og brenning og deportasjon av bygdefolket der.

Publisert 29.08.2002 14:24. Oppdatert 13.11.2006 11:17.

Kontakter og adresser nordover kysten vart avslørte, og 21 menn frå Bulandet, Værlandet og Grytøyra i Fjaler kommune vart arresterte og hamna i konsentrasjonsleirar i Tyskland. Av desse omkom Knut A. Landøy (1896-1943), Harald Myrvåg (1914-1944) og Asbjørn Melvær (1908-1944).

Tvangsflytting av kystfolket

Øvstkommanderande på Vestlandet føreslo for Reichkomissar Josef Terboven at ein som straff også skulle deportere alle sivile i ein radius på to mil frå Askvoll – d.v.s. frå Sognefjorden til Florø. Planen vart ikkje gjennomført.

Opprullinga etter Telavåg førde også til razzia og arrestasjonar av motstandsfolk i Vågsøy og Eid. – Les meir om Telavåg-opprullinga under Krigshistoria i Fjaler, Krigshistoria i Vågsøy og Krigshistoria i Eid.





MEIR OM ASKVOLL 
Askvoll kommune

 
Aviser og media i Askvoll
Historia i Askvoll
Industri og næring i Askvoll
Kjende personar i Askvoll:
Kommunehistoria i Askvoll
Krigshistoria i Askvoll
Kyrkjer i Askvoll
Samferdsle i Askvoll
Skular i Askvoll
Verd å sjå i Askvoll

 
Lyd frå Askvoll
Video frå Askvoll
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no