SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Industri og næring i Askvoll

Askvoll Fisk & Fiskematforretning vart grunnlagt 1945 av Lars, Arnfinn og Leif Bauge. Dei dreiv fiskemottak og produksjon av fiskemat, som dei m.a. selde frå denne fiskebilen. (Foto: © Fylkesarkivet)
Askvoll Fisk & Fiskematforretning vart grunnlagt 1945 av Lars, Arnfinn og Leif Bauge. Dei dreiv fiskemottak og produksjon av fiskemat, som dei m.a. selde frå denne fiskebilen. (Foto: © Fylkesarkivet)
Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Publisert 20.02.2001 10:41. Oppdatert 29.03.2007 08:45.

· Fabrikkar og verkstader i Askvoll
· Fiskeoppdrett i Askvoll
· Landhandlar i Askvoll
· Reiselivsbedrifter i Askvoll



ENKELTOMTALAR:


Handelsstaden og skysstasjonen Sauesund

Sauesund ligg på søraustsida av Atløy, like ved kystleia. Her har det vore skysstasjon og gjestgiveri sidan 1622.

Handelsstaden Kjempenes i Bulandet

Det var sildefisket som gjorde at det frå 1740 vart oppretta handelsstad og gjestgiveri på Kjempenes i Bulandet.

Grimmelid Kobberværk

Kopargruvene i Grimelid ligg på nordsida av Staveneset mot Stavfjorden. Kopargruva var i drift periodevis frå 1759 til 1920, på ei koparåre som strekkjer seg sør-nord i ytre Sunnfjord.

Handel og gjestgiveri på Hindøy

Hindøy er ei lita øy på vestsida av Atløy. I havet vestafor Hindøy var det gode fiskefelt, og dette gav grunnlag for både gjestgiveri og handel på Hindøy.

Ytre Holmedals Præstegjelds Brandassuranceforening

(Fjaler Branntrygdelag) vart skipa i 1873 som eitt av dei første branntrygdelaga i Sogn og Fjordane. Opptaket vart gjort av Holmedal Sogns Bondevenforening.

Industrigründeren Johan Jensen

frå Bergen slo seg ned i Holmedal 1890, og vart største industribyggjaren i Sunnfjord fram til 1918.

Askvoll Sparebank

vart skipa i 1893.

Askvoll Branntrygdelag

vart skipa i 1896 med Kolbjørn Fismen som første styreleiar. Laget gjekk seinare inn i Sunnfjord Branntrygdelag som seinare gjekk inn i Gjensidige-konsernet.

K. Olsen Bageri

i Askvoll vart starta av Karl Olsen frå Solheimsdalen i 1905.

Vevring Sparebank

vart skipa i 1906 med kontorstad i Kvammen. Sjå elles: Industri og næring i Naustdal.

Holmedal Hestetrygdelag

vart skipa i 1909. Dette var eitt av fleire slike lag som vart skipa kringom på bygdene før større forsikringsselskap tok til å forsikre innbu og dyr. Hestetrygdelaga var viktige fordi dei sytte for at bøndene kunne forsikre den mest verdfulle ”arbeidsreiskapen” som dei hadde på garden - nemleg arbeidshesten. Utan hesten stod dei hjelpelause dersom uheller var ute.

Olav Aalen - landhandel og sildesalteri

i Kvammen- dampskipsekspedisjon og fiskebåtar, etablert i 1916.

Størdal & Co. landhandel

vart starta i 1919 i Holmedal av Johannes Størdal og svigerinna Øygunn Vik.

Th. Dalsøren

landhandel og bakeri i Askvoll vart grunnlagt i 1919 av Thomas Dalsøren (f. 1884) frå Dale i Luster.

Lars Mandelid

starta slakteri i Askvoll på kring 1920.

Abraham Strømmen

starta på 1920-talet som fotograf i Askvoll. Han hadde atelier i kommunehuskjellaren, der han også dreiv reparasjonsverkstad for radioapparat og elektrisk utstyr. Strømenn dreiv fotoforretninga til han døydde i 1954.

Revefarmar på Alden

I mellomkrigstida forsøkte eit aksjelag seg med stordrift av revefarmar på Alden.

P.A. Sølvberg

Peder A. Sølvberg og ektemaken Anna starta handelsverksemd i Askvoll sentrum 1929.

Mathias Solheim

starta kjøtbutikk i kjellaren på posthuset i Askvoll midt på 1930-talet. Sonen Nils Solheim tok over slaktarbutikken då Mathias døydde i 1944.

Holmedal Kraftlag L/L

skipa 1938, bygde forsyningsnettet i Holmedal og bygdene ikring. Gjekk seinare inn i YFK.
Anfinn Bauge. Foto utlånt av Anfinn Bauge, frå boka Askvoll

Holmedal Kraftlag L/L

skipa 1939, bygde forsyningsnettet i Holmedal og bygdene ikring.

Askvoll Fisk & Fiskematforretning

grunnlagt 1945 av Lars, Anfinn og Leif Bauge. Fiskemottak og produksjon av fiskemat, som dei m.a. selde frå eigen fiskebil.

Askvoll Papir & Kortevareforretning

vart starta i 1946 av Ellinor Olset.

Askvoll Sykkel- og Sportsforretning

- sjå K. Olsen Bageri.

Søreide & Co, Holmedal Elektriske

Holmedal Elektriske. (Foto: A. Nybø)
grunnlagt 1946 av Leif Søreide og Jakob, Sigvald og Alfred Vårdal. Dreiv installasjons- og radioforretning i Holmedal. Verksemda heiter i 2001 Holmedal Elektriske AS, har 10 tilsette og ei omsetning på 10 millionar kroner. Sigvald og Anfrid Vårdal har sidan 1960-talet også drive Vårdal Foto i Holmedal.

Planar om trelasthandel

I 1948 kjøpte Anton Høyvik og Kristian Myklebust frå Hyllestad ein eigedom på Kråkeholmen i Askvoll med tanke på å starte trelasthandel. Dei reiste eit lagerbygg, men gav opp planane og selde i staden eigedomen til kommunen. Her bygde kommunen ny rutekai og busstyrminal som vart opna i 1956. Den gamle bua som Høyvik og Myklebust bygde vart riven i 1991 for å gje plass til eit nytt terminalbygg.

Andreas og Ragnvald Ringstad

frå Askvoll starta som anleggsentreprenørar i 1952.

AS Fiskeforsyning

eit dotterselskap av Sogn og Fjordane Fiskesalslag, bygde i 1956 fryse- og kjølelager i Bulandet.

Ståle Haugen og Rolf Ask

bygde eige forretningsbygg og starta bensinstasjon og sal av bilrekvisita i Askvoll i 1958. Bensinstasjonen vart lagd ned i 1977. Rolf Ask dreiv også drosjekøyring i tillegg.

Johan Grane

starta gartneri på Prestegardsøyra i Askvoll i 1960. Han dreiv gartneriet til 1975. – Sjå elles Ingelins gartneri, 1988.

Haaland Møbler

vart starta i Holmedal i 1960 av Jostein og Gunnvor Haaland. Forretninga flytta til ny butikk i Askvoll i 1999, og vart driven til 2005. Sjå elles Holmedal Trevarefabrikk, 1912, under Fabrikkar og verkstader i Askvoll.

Otto Olset

frå Olset starta som bygningentreprenør i 1970.

Dalsøren AS

- sjå Th. Dalsøren.

Ingelins Gartneri

i Askvoll vart starta i 1988 av Ingelin Klokkernes. – Sjå elles Johan Grane 1960.

Alden Forlag

held til i Holmedal, og vart skipa av Atle Hellevik i 1993. Forlaget har sidan starten m.a. gjeve ut Årboka for Sogn og Fjordane.
Årboka som Alden Forlag gjev ut

Friplan AS

byggeteknisk konsulentfirma i Askvoll – sjå Askvoll Sparebank.

Askvoll Brygge

i Askvoll sentrum er eit bygg med fritidsbustader som er bygd av selskapet Sentrum Eigedom AS, og er det første i sitt slag i kommunen. Dei første fem husværa vart tekne i bruk i 2006, og planen er å byggje ut huset med 13 husvære.

Mobilslakt AS

vart skipa i 2006 av Askvoll-bonden Jarl Iversen m. fl. og utfører slakting i Sogn og Fjordane og Hordaland frå eit spesialbygd bilslakteri.




Askvoll Senter husar m.a. Coop, Gavestøvelen, Mølla m.m. (Foto: Arild Nybø, NRK)



MEIR OM ASKVOLL 
Askvoll kommune

 
Aviser og media i Askvoll
Historia i Askvoll
Industri og næring i Askvoll
Kjende personar i Askvoll:
Kommunehistoria i Askvoll
Krigshistoria i Askvoll
Kyrkjer i Askvoll
Samferdsle i Askvoll
Skular i Askvoll
Verd å sjå i Askvoll

 
Lyd frå Askvoll
Video frå Askvoll
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no