|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Skular i Sogndal: Storms private jordbruksskule i Sogndal | Relieff av Martin Luther Storm på Mo jordbruksskule - laga av Nils Bruland. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Prestesonen Martin Luther Storm frå Arendal var ein av dei første agronomstudentane då Norges Landbrukshøgskole starta på Ås i 1859. Etter eksamen, reiste han til Sogndal, der han starta ein privat landbruksskule for bondeungdom i 1870. Skulen heldt til i det tidlegare sorenskrivarhuset på Loftesnes (sjå: Sorenskrivargarden på Loftesnes). Publisert 17.03.2003 11:57. Då Jakob Liv Rosted Sverdrup i 1871 valde å realisere planane sine om ein kristeleg folkehøgskule og starta Sogndals Folkehøgskule, tilbaud Storm at dei to skulane vart slegne saman. Sverdrup gjekk med på dette, og i eitt år dreiv dei skulen i lag. Men så rauk dei uklar om kven som skule vere styrar.
Storm kutta banda med folkehøgskulen og freista ei tid å drive jordbruksskulen sin vidare på garden Bjedla. Då fylket omlag samstundes vedtok å leggje ned Mo Jordbruksskule i Førde som det hadde drive sidan 1856, tilbaud Storm seg å pakte Mo-garden og drive skulen privat. Det gjorde han frå 1873 til 1907, då fylket igjen tok over drifta av Mo jordbruksskule.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|