SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kommunehistoria i Sogndal

Sogndal kommune er ein av dei kommunane i fylket som har hatt minst endringar på kommunegrensene sidan kommunane vart skipa ved innføringa av formannskapslovene i 1837.

Publisert 20.11.2002 11:13. Oppdatert 27.10.2006 13:45.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
  • video Kåre Lerum [WM]  Industrileiaren Kåre Lerum fortel til Arild Opheim om tida som Sogndal-ordførar og spelar saman med Sogndal Musikklag "Norge mitt Norge".
Kommunen hadde si naturlege avgrensing mot Leikanger ved det stupbratte Fatlaberget, i høgfjella for enden av Sogndalsdalen, og i dei djupe elvejøla i Årøy, der grensa mot dåverande Hafslo kommune gjekk.

Gamle rådhuset i Sogndal.

Rådhus i skulehuset

Første ordførar i Sogndal var prost Vilhelm Magelsen med Jens Foss som varaordførar. Skulehuset i Sogndalsfjøra tente som rådhus dei første åra fram til 1883. Då vart det gamle skulehuset på Kvåle rive og sett opp att i Fjøra som kommunehus.
Her flytta også Sogndal Sparebank inn som leigetakar, slik det var vanleg i dei fleste kommunar i fylket på den tida.
Sogndal bygde i 1956 nytt kommunehus i Sogndal sentrum, teikna av den kjende arkitekten Solheimslid.

Tinghuset i Sogndal sett frå riksvegen. (Foto: Arild Nybø, NRK © 2003)

Del av Tingastad til Sogndal

Ved kommunereguleringa i 1964 fekk Sogndal overført eit lite landstykke kring veglause Tingastad. Tingastad ligg ved hovudløpet til Sognefjorden eit stykke vest for Amlabukta (Kaupanger).

Nynorsk i skulen

Alt i 1891 tok ihuga målfolk opp arbeidet med å innføre nynorsk som skulemål og i den offentlege forvaltninga. Frå 1898 førte skulestyret møtebøkene sine på nynorsk, og frå 1911 vart nynorsk nytta i møtebøkene til kommunestyret.

Fjærland til Sogndal

Først i år 2000 vart det ei større endring på Sogndal sine kommunegrenser: Då gjorde nye vegsystem det naturleg å skilje Fjærland frå Balestrand kommune og leggje bygda til Sogndal kommune. Dette skjedde etter ei folkerøysting i Fjærland i 1998, der Sogndals-alternativet vann med få røyster over alternativet om framleis å høyre til Balestrand. Samanslåing med Jølster fekk berre to røyster.

Nye grenser

Sogndal grensar etter dette til Leikanger kommune ved Fatlaberget, mot Balestrand kommune i fjella ved Fjærlandsfjorden, mot Førde og Jølster kommunar på toppen av Jostefonn og Jostedalsbreen, og mot Luster kommune frå Jostedalsbreen via utløpet av Hafslovatnet til Ombandsnes ved utløpet av Lustrafjorden i aust.

Kommunestyremøte og isvanskar

Sambandet ut den 27 kilometer lange Fjærlandsfjorden kunne ofte skape vanskar for kommunestyremedlemer frå Fjærland vinterstid når fjordisen la seg: I 1918 hadde møta vorte utsette i lang tid i påvente av at isen skulle bryte opp. Men på etterjulsvinteren gjekk det ikkje lenger: Då reiste balestrendingane så langt dei kunne inn fjorden til Hatlestad med rutebåten "Sogn", medan fjærlendingane tok hestesleden så langt dei kunne utover fjordisen til rutebåten ved iskanten. Så vart kommunestyremøtet sett ombord på rutebåten!

Politisk leiing:
Ordførarar i Sogndal kommune



MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no