SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Aviser og media i Sogndal

Fjærlands Tidende

var eit skrift eller "avis" som vart gjeve ut 1884-1885. Bladet vart trykt i Sogndal. Nærare opplysningar vantar.

Publisert 20.11.2002 11:10. Oppdatert 17.11.2006 14:38.

Bergenhus Folketidende

vart starta i Sogndal i 1892. Det er lite som er kjent om dette bladet, som truleg kom ut fram til 1896.

Ild-Tungen

var eit blad som metodistpresten Sjur Ulness starta i Sogndal, der han i 1893 bygde den første "metodistkyrkja" i Sogn og Fjordane - "Sion". Seinare bytte bladet namn til "Sandhet og Frihet" - sjå: Aviser og media i Vik.

Jens Kvåle. Foto frå Målreisingssoga i Sogn og Fjordane

Vestmannen

var eit nynorsk, frilynt ungdomsblad som vart starta i Sogndal i 1896 av Jens Kvåle. Eit tilsvarande blad - "Unge Skud" - hadde Lorentz Nybø starta på Nordfjordeid i 1893. Seinare endra Kvaale namnet på bladet til "Ungdom", og i 1899 til "Sygna". Frå same året vart bladet også eit partiorgan for Venstre. Avisa gjekk inn då Jens Kvaale i 1904 kjøpte forlagsretten til Sogns Tidend.

Ungdom

- sjå "Vestmannen" ovanfor.

Sygna

- sjå "Vestmannen" ovanfor.

Sogns Avis

vart starta i 1877 på Lærdalsøyri.

Solsprett

heitte eit nynorsk blad som vart gjeve ut i Sogndal frå 1939 til 1949 av Kornelius Sølvberg og Ivar Rusti. Den siste dreiv også bokbinderi.

Sygnabladet

starta i Vik på 1920-talet som eit organ for Norges Bondelag, og hadde 400 aksjeeigarar over heile Sogn.

Sogn Folkeblad

var starta i 1967 som lokalavis for Sogndal, og kom berre ut eit halvt års tid.

Bergens Tidende

starta avdelingskontor i Sogndal i 1971 med Jan Stedje som journalist. Kontoret vart lagt ned i 2003.

"Søkelys på Sogn og Fjordane"

var eit tidsskrift som Sogn og Fjordane Distriktshøgskule gav ut frå 1981 til 1990. Bladet hadde som mål å spreie kunnskap om regional forsking, med særskild vekt på emne som var knytt til Sogn og Fjordane. Redaktørar for tidsskriftet var Jon Naustdalslid, Georg Arnestad og Aage Engesæter, som alle var knytte til høgskulen som forskarar og lærarar.

Radio Gravenstein - første nærradio i fylket

Radio Gravenstein vart starta i 1983 i Sogndal som den første nærradiostasjonen i Sogn og Fjordane. Radio Gravenstein vart frå starten driven av studentar ved distriktshøgskulen i Sogndal, og heldt første tida til i Lægreids Hotell.

Sogn Dagblad

i Høyanger (sjå: Aviser og media i Høyanger) hadde avdelingskontor i Sogndal frå 1982 og til avisa gjekk inn i 1997. Mellom dei som var medarbeidarar ved kontoret var Alf Henning Evjestad og Torbjørn Rørvik.

(Foto: NRK)

Avisa Sogndal

vart starta og driven av A-pressen etter at Sogn Dagblad (sjå: Aviser og media i Høyanger) gjekk inn i 1997. Avisa var lokalavis for Sogndal, men vart lagt ned i 1999. (Sjå også "Årdal og Lærdal Avis": Aviser og media i Årdal.)

NRK Sogn og Fjordane

hadde Geir Ulfstein frå Kaupanger som kontaktmedarbeidar i Sogndal frå 1977 til 1982, med arbeidsfelt i Indre Sogn.
NRK sitt lokalkontor for Sogn vart skipa i Hermansverk i 1981 med sogndølen Inge Kjell Holme som reporter. Lokalkontoret vart flytta til Sogndal i 2000. Kontoret har utstyr både for fjernsynsreportasje og radiosendingar. Medarbeidarar ved Sogndals-kontoret har vore Inge Kjell Holme, Kai Aage Pedersen, Arne Eithun og Arve Uglum.

Redaktør Torbjørn Rørvik les Avisa Sogndal. (Foto: NRK)


PVest Sogn og Fjordane Radio AS

vart skipa i 2003 av Tor Kåre Fardal og Idar Kvam. Tor Kåre Fardal vart dagleg leiar. Lokalradioen har hovudkontor i Sogndal og har konsesjon for sendingar i indre Sogn. Frå 2005 eig Sogn Avis halvparten av aksjane i selskapet.


MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no