Etter at Sognefjorden Ullvarefabrikk brann i 1939 og ikkje vart bygt opp att, vart krafta som då vart ledig selt, og fleire sogndøler kunne knyte seg til som abonnentar.
Nils J. Knagenhjelm
bygde kraftverk i Kaupangerelvi i 1910. Dette kraftverket forsynte m.a. det store sagbruket som godseigaren dreiv med elektrisk straum, og vart utvida fleire gonger seinare.
L/L Fjærland Elektrisitetsverk
bygde kraftstasjon i Horpedalselvi i 1915. Hotelleigar
Olaus Dahle var ein pådrivar i arbeidet og garanterte for ein stor del av byggjesummen. Kraftverket var i drift til 1958, og Fjærland Kraftlag til 1974, då det gjekk inn i
Sognekraft.
Småkraftverk
Kjøpmann Anders Venes og H. Venes bygde eit lite kraftverk ved Fardalsfossen i 1928. Det var i drift til 1944.
Hermund Hundere bygde eit småkraftverk i Hundøla i Sogndalsdalen i 1932. Det var i drift til 1955.
Brufalli elektrisistetverk
i Bruafossen i Sogndalselvi vart bygt i 1932 av diplomingeniør Oddmund Melve frå Voss. Dei som fekk kraft frå verket, pantsette eigedomane sine for å få finansiert anlegget. I tillegg gjorde dei mykje av byggjearbeidet på dugnad.
Frå Hafslovatnet rann ein gong i tida ei stri og fosserik elv gjennom det trange gjølet ved Helvetesfossen og ut i Barsnesfjorden ved Årøy. I dag går det meste av vatnet gjennom turbinane i Årøy kraftverk. Årøy-namnet vart kjent som eit stridens namn i samband med kraftutbygging.
vart skipa i 1947.