SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Skular i Sogndal

Sogndal vidaregåande skule vart oppdretta i 1992. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Sogndal vidaregåande skule vart oppdretta i 1992. (Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)

Sogndal - skulebygda i Sogn og Fjordane

Sogndal har sidan 1960-talet vore det viktigaste senteret for høgskuleutdanning i Sogn og Fjordane. I 1963 kom lærarskulen, og frå 1975 distriktshøgkulen. Begge er frå 1994 ein del av Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Publisert 29.08.2001 12:31. Oppdatert 13.06.2003 15:40.
Men Sogndal har også ein tradisjon med privatskular som går heilt tilbake til 1820-talet. I Sogndal vart det på 1800-talet drive både "skole for bedrestilte", "pigeskole", jordbruksskular og folkehøgskule.

Den første skuleordninga i Sogndal

Ei lov om komfirmasjon i 1736 sette fart i arbeidet med å lære ålmenta i Noreg å lese og skrive.

Framlegg om frie skulebøker

Ein mann som gjorde mykje for den norske ålmenskulen tidleg på 1800-talet, kom truleg frå Kaupanger, og foreslo i 1816 at skuleborna skulle få fritt skulemateriell.

Dei første skulehusa i Sogndal

Det første faste skulehuset som er nemnt, finn vi i ein branntakst frå Kaupanger i 1835.

Skulane ved Fjærlandsfjorden

Fjærland høyrde fram til 2000 til Balestrand kommune, der også skulekrinsen Eitorn på austsida munningen til Fjærlandsfjorden høyrde til Balestrand kommune fram til 1964.

Leseselskap kan ha vore folkehøgskule

I boka "Die vier Norweger" i 1828 skildrar diktaren og naturfilosofen Henrik Steffens ein slags "folkehøgskule" som då var i drift i Sogndal.

Jordbruksskulen på Vestreim

Jordbruksskulen på garden Vestreim på Kaupangerskogen var den første i Sogn og Fjordane då den starta i 1846.

Husflidsskule for fattige

Ein "husflidsskule" for kvinner vart starta i Sogndal kring 1860.

Storms private jordbruksskule i Sogndal

Prestesonen Marthin Luther Storm reiste til Sogndal og starta ein privat landbruksskule for bondeungdom der i 1870.

Sogndal folkehøgskule

vart skipa 9. januar 1871 og vart ein av dei første folkehøgskulane i Noreg.

Private mellomskular

Før den offentlege realskulen kom i gang, var det fleire velståande i Sogndal som heldt seg med eigen huslærar som førte borna fram til mellomskuleeksamen. Elevane fekk gjerne litt "påbygg" på den lokale undervisninga med skulegang i by'n. I 1907 starta den unge offiseren Jan Tylden mellomskule i bygda, men la ned skulen då han fekk arbeid som offiser ein annan stad i landet.

Sogndal gymnas og realskule

I 1926 kom ei nemnd med tilråding om å starte realskule, men kommunestyret valde å la vere. Ti år seinare starta Olav Leirvåg realskule i ungdomshuset. Seinare kom gymnaset.

Lærarskule i Sogndal frå 1963

På same vis som gymnaset vart ei utviding av realskuletilbodet i bygda i 1944, vart det i 1963 starta lærarskule i Sogndal i samarbeid med gymnaset.

Olav Holes Handelsskule

Olav Hole starta privat handelsskule i Sogndal i 1940.

Sogndal fylkesyrkesskule

Like etter 2. verdskrig vart det satsa på å byggje fleire yrkesskular i Sogn og Fjordane. Ein av desse var yrkeskulen i Sogndal. Men yrkesskulen som seinare vart lagt til bygda, starta ikkje der...

Sogndal Handelsskule

Sogndal Handelsskule vart starta som kommunal skule i 1971 i den såkalla "Hole-brakka" ved Trudvang.

Ungdomsskule

Realskulen i Sogndal vart avvikla då den vart avløyst av den 9-årige skule i 1970.
Skuleborna i Fjærland fekk ni-årig ungdomsskule i 1972. Fjærland fekk eigen ungdomsskule i 1978 i det nye skulebygget som stod ferdig i 1975 og som også hadde symjebasseng.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Skipa i 1994 ved at ein slo saman Sogn og Fjordane Distriktshøgskule, Sogndal Lærarskule, Sjukepleiarhøgskulen og Ingeniørhøgskulen i Førde og Studiesenteret på Sandane. Høgskulen har i 2003 nærmare 2300 studentar og kring 380 tilsette.

Kommunale skular i Sogndal i 2003:

Kaupanger skule (1.-10. klasse) 234 elevar
Norane skule (1.-7. klasse) 47 elevar
Fjærland skule (1.-10. klasse) 38 elevar
Trudvang (Sogndal) (1.-7. klasse) 457 elevar
Sogndal ungdomsskule (8.-10. klasse) 176 elevar

MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no