Julaftan 1183 samla misnøgde bønder seg og drog til Lusakaupang, der dei drap fleire kongelege lendmenn og fylgjet deira. Som straff sende kong Sverre Sigurdsson våren etter ein hær til Sogn...
På austsida av innløpet til Sogndalsfjorden ligg
Fimreite-gardane. Her er ingen fornminne som viser spor etter busetnad før det kjende slaget ved Fimreite i 1184.
Ein tenestegut som heitte Ivar hadde arbeid hjå bonden Arne på Hamrum i Fjærland ein gong på 1600-talet. Ein gong då Ivar hadde dengt opp husbonden sin, kom han ille ut fordi han var soldat.
Våren 1659 kom løytnant Paul Wilhjem til Sogn for å skrive ut soldatar til krigen mot svenskane. Dei innkalla saboterte oppropet, og det enda med at løytnant og fut rauk i slagsmål med bondegutane.
På 1700-talet vart det skipa militær ekserserplass ved Sogndalsfjøra for Sogndahlske Compagnie, som høyrde under Bergenhusiske Regiment.
|
Minnestein etter krigen mot svenskane. (Foto: A. Nybø, NRK) |
I Sogndal er det reist bautasteinar på Storekleivi og på Almenningen til minne om sogndøler som deltok i krigen mot svenskane i åra frå 1807 til 1814.
Om kvelden den 11. august 1911 small det tre revolvarskot på eitt av gjesteroma i Olsens Hotell på Hanehaug/Leikanger. Tre personar var skotne gjennom tinningen. Teorien gjekk ut på at den eine var agent som ville ta
keisar Wilhelm II av dage.
Tyske krigsskip i Sognefjorden
Like før utbrotet av 1. verdskrig i 1914 fekk fleire tyske krigsskip løyve til å gå inn i Sognefjorden. Eitt av skipa var slagkryssaren "Schleswig-Holstein" som låg oppankra i fleire veker tett inn til land i Fjærland.
- om Milorg-basen i Sogndalsdalen, krigskraft frå Årøy m.m.
Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet "Deutschland".
|
Var det ein framand ubåt i Sogn? |
Ein haustdag i 1972 strøymde verdspressa til Sogn. Grunnen var at det skulle vere observert ein framand ubåt i Sognefjorden.