SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Balestrand:

Jakob Liv Rosted Sverdrup

(Foto © Fylkesarkivet)
(Foto © Fylkesarkivet)
Jakob Liv Rosted Sverdrup (1845-1899) frå Balestrand, busett i Leikanger, Sogndal og Bergen. Teolog, folkehøgskulestyrar, stortingsmann og statsråd. Han er ein av dei mest omstridde personar i nyare norsk historie.

Publisert 13.06.2002 13:11. Oppdatert 14.01.2003 11:40.

Grunnla folkehøgskule

Cand. theol. 1869, og etter studiar i Danmark vart han inspirert av dei grundtvigske folkehøgskuleideane. Grunnla Sogndals Folkehøgskule i 1871 og leia skulen til 1878. Her skapte han sin norske variant av folkehøgskulen, som skilde seg frå den frilynde danske med m.a. med å ta i bruk lærebøker, innføre religionsundervisning, og ved å ha mindre leik i undervisninga. Svært mange framståande personar innan samfunns- og åndsliv i Sogn og Fjordane på slutten
av 1800-talet var prega av skuletida si ved Sogndal Folkehøgskule.

I Sogndal var Sverdrup m.a. ordførar og direktør for Sparebanken (skipa 1841) i fleire år.

Liberal og radikal

I 1878 vart han sokneprest i Leikanger. Som prest var Jakob Sverdrup til liks med faren Harald Ulrik Sverdrup konservativ og pietistisk. Han vart ein sentral person i det lavkyrkjelege kristenlivet på Vestlandet, men var samstundes overraskande liberal og radikal i mange kyrkje- og livssynspørsmål.

Sverdrup arbeidde såleis aktivt for skiping av folkevalde sokneråd, oppheving av konfirmasjonstvangen, valfritt borgarleg ekteskap og auka rettsvern for dissentarar. Han vart den fremste talsmannen for at lekpredikantar skulle få fri rett til å forkynne. Men han var likevel motstandar av at leksmannsrørsla skulle bryte med statskyrkja, som framleis var prega av såkalla "høgkyrkjelege" leiarar. Som ein reaksjon mot dei konservative, starta Sverdrup og Ole Vollan bladet "Ny Luthersk Kirketidende" i 1877.

Stortingsmann

Han avløyste faren Harald Ulrik Sverdrup som stortingsmann i 1876, men sjukdom hindra han frå å møte før i 1878. Han var 1883-1884 leiar i Kyrkjekomiteen.
Jakob Sverdrup vart den næraste rådgjevaren til onkel og Venstre-leiar Johan Sverdrup, og motstandarar meinte med tida at han dominerte den aldrande kjempa.
Då Johan Sverdrup skulle skipe regjering i 1884, gjorde han framlegg om Jakob Sverdrup som kyrkjeminister. Framlegget fekk sterk støtte frå moderate og lavkyrkjelege venstremenn på Sør- og Vestlandet. Men kong Oscar II ville ikkje ha Jakob Sverdrup som kyrkjestatsråd. Han måtte difor ta til takke med ein ministerpost ved den norske Statsråd-delegasjonen i Stockholm. Sverdrup overtok likevel som kyrkjestatsråd etter Elias Blix i 1885.

Omstridd statsråd

Han starta straks arbeidet med innføring av sokneråd, men vart etter hard strid nedrøysta - og i tillegg sterkt kritisert for å ha misleia sin aldrande onkel Johan Sverdrup i saka. Striden førde til at Elias Blix kom tilbake som kyrkjestatsråd i 1886. Andre statsrådkollegaer kravde at Jakob Sverdrup skulle kastast ut av regjeringa. Men onkelen Johan Sverdrup heldt si vernande hand over han og gav han Revisjonsdepartementet. Denne striden mellom Sverdrupane og andre regjeringsmedlemer førde i 1888 til at ministrane Astrup, Kildal, Arctander og Elias Blix trekte seg frå regjeringa.

Kløyvde Venstre

Straks Blix var ute av Kyrkjedepartementet, tok Jakob Sverdrup over og styrde det fram til heile regjeringa Sverdrup gjekk av i 1889.
Striden kløyvde også partiet Venstre. Jakob Sverdrup vart leiar for Moderate Venstre, som stod Høire nærmare enn det gamle moderpartiet Venstre. Moderate Venstre stod sterkt på Sørlandet og i kyststroka på Vestlandet, og Kristeleg Folkeparti vert på mange vis rekna som arvtakaren etter Moderate Venstre.

Attvalt på Storinget

Sjølv om Jakob Sverdrup i 1890 vart sokneprest i Bergen og flytta frå Sogn og Fjordane, vart han likevel stilt som toppkandidat for Moderate Venstre for fylket og vart valt inn på Stortinget for Sogn og Fjordane. Han vart attvald i 1894. Det var takka vere støtte frå Sverdrup og Moderate Venstre at Høire-mannen Emil Stang kunne skipe regjering i 1893. Både Stang og Sverdrup tok avstand frå Venstre-kravet om eigen norsk utanriksminister.

Ville skipe regjering

Etter oppmoding frå kong Oscar II gjorde Jakob Sverdrup i 1895 to mislukka forsøk på å skipe regjering. I staden gjekk han inn i Francis Hagerup si regjering som kyrkjeminister - ei stilling han hadde til 1898, då han vart utnemnd til biskop i Bergen. På grunnn av sjukdom kunne han ikkje ta imot embetet. Han døydde kort tid etter.

Kjend familie

Bror til teologiprofessor Johan Edvard Sverdrup. Far til språkprofessor Jakob Sverdrup d.y. og den kjende religionshistorikaren Georg Johan Sverdrup (f. 1885 i Stockholm - d. 1951).

MEIR OM BALESTRAND 
Balestrand kommune

 
Aviser og media i Balestrand
Historia i Balestrand
Industri og næring i Balestrand
Kjende personar i Balestrand
Kommunehistoria i Balestrand
Krigshistoria i Balestrand
Kyrkjer i Balestrand
Samferdsle i Balestrand
Skular i Balestrand
Verd å sjå i Balestrand

 
Lyd frå Balestrand
Video frå Balestrand
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no