SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Sogndal:

2. verdskrig i Sogndal

I 1938 la dei tyske krigsskipa "Köln" og "Königsberg" seg for anker i Fjærlandsfjorden ved Mundal.

Publisert 08.05.2003 15:23. Oppdatert 10.03.2006 14:51.
Etter krigsutbrotet i april 1940 søkte det svenske lasteskipet "Balboa" dekning tett opp under berga ved Mosehamaren i Fjærlandsfjorden. Skipet kom frå Argentina med sukker. Skipet låg i Fjærland i fleire veker før det torde å gå vidare til Sverige.

Helgheim under krigen

Nytta som mobiliseringsstad for norske styrkar, seinare kaserne for tyskarane, losji for evkuerte born, og etter krigen vart Helgheim ein kort periode nytta som samlingsstad for dei ein mistenkte for samarbeid med tyskarane.

Fly gøymde bort i Sogndal

Under krigsutbrotet 9. april 1940 vart den norske marinen sine sjøfly ved
stasjonen på Flatøy ved Bergen evakuerte i to grupper. Den eine vart stasjonert i Hardanger, og den andre i Sogn med Balestrand som hovudbase (sjå: Bombinga i Esefjorden). Sognefjord flygruppe hadde i desse første krigsdagane også provisoriske stasjonar i Eivindvik og Sogndal.

Krigs-kraft frå Årøy

Under krigen la tyskarane planar om å byggje ut kraftverk i Årøyelva for å forsyne m.a. gruvene i Kinsedal - sjå: Årøy-krafta til glede og besvær. Anortositt frå Kinsedal skulle verte råstoff til det kjempestore aluminumverket som okkupantane bygde i Årdal - sjå: Tyskarane satsar på Årdal.

Våpenlager i Festingedalen

I Festingedalen ved Kaupanger var det lagringsplass for våpen under 2. verdskrig. Her låg ein fråflytt husmannsplass, og våpna kom med frakteskøyter ute frå Sogne-kysten. På fjellet over Aspikastrondi ved Lustrafjorden låg ei hytte der fleire Milorg-folk låg i dekning. Denne gruppa låg under kommando frå hovudstyrken i Sogndalsdalen - sjå nedanfor:

Milorg-basen i Sogndalsdalen

Då løytnant Ragnar Ulstein frå Kompani Linge hausten 1944 vart landsett saman med Harald Svindseth på øya Domben i Florø hadde han som oppgåve i organisere motstandsgrupper for Milorg i heile Sogn og Fjordane i løpet av nokre få månader. Sjølv tok Ulstein ansvaret for Sogn, der han bygde opp organisasjonen under kodenamnet "Siskin".

Adolf Hitler vitja Sogn

Adolf Hitler (1889-1945) vitja aldri Noreg offisielt, men den 12. april 1934 vitja han Sogn ombord i det tyske krigsskipet "Deutschland".

Falne og omkomne frå Sogndal



Folk frå Sogndal i tysk fangenskap


MEIR OM SOGNDAL 
Sogndal kommune

 
Aviser og media i Sogndal
Historia i Sogndal
Industri og næring i Sogndal
Kjende personar i Sogndal
Kommunehistoria i Sogndal
Kraftutbygginga i Sogndal
Krigshistoria i Sogndal
Kyrkjer i Sogndal
Samferdsle i Sogndal
Skular i Sogndal
Verd å sjå i Sogndal

 
Lyd frå Sogndal
Video frå Sogndal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no