SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Helsestellet i Vik


Publisert 01.08.2002 10:34. Oppdatert 26.08.2002 12:02.

Første jordmora

Den første jordmora i Vik, Cecilie Dahl (1789-1863) vart tilsett i 1822. Sogn og Fjordane fylke var på den tida delt inn i 12 jordmordistrikt, og ho skulle samstundes gjere teneste i Lavik prestegjeld. Cecilie var utdanna i 1820 saman med 42 andre på jordmorskulen i Oslo.

Legetenesta

Sogn og Fjordane fekk dei to første distriktslegane i 1802 - ein for Fjordane og ein for Sogn. I 1836 vart Sogn delt mellom to legar - ein for ytre og ein for indre. Den for ytre fekk tilhald i Vik, med hadde heile distriktet frå og med Aurland og Leikanger og heilt til øyane i vest. Sjå elles om bygdedokteren Olav Tjønn frå Fresvik.

Kikhoste

Kunne vere ein livstrugande sjukdom i gamle dagar før ein fekk effektive medisinar. Såleis døydde det sju born under ein kikhosteepidemi i 1852 berre i Feios-bygda. I same epidemien døydde 10 barn i Leikanger.

Vik sjukestove

vart bygd i 1912. Det var ein difteriepidemi i 1910 som sette fart i arbeidet med å bygge eit "sjukehus" i bygda. Tre personar døydde då av sjukdomen. Skulen vart stengd og offentlege samkomer forbodne for ei tid. Det var primært for å skaffe bygda eit isolat at huset vart reist. Bygget hadde rom både for dei som måtte i isolat og dei som hadde sjukdomar som ikkje var smittsame. Vik sykepleieforening vart skipa same året, og tilsette eiga helsesøster som m.a. skulle ta seg av dei smitta. Helsesøstera Johanna Hønsi fekk bustad i bygget.

Vik Bygde- og Sjukeheim

vart reist i 1916. Huset vart påbygd fleire gonger i 1950-åra, og vart rive i 1994 for å gje plass til eit større nybygg. Kommunen har sidan 1978 bygd fleire aldersbustader og verna bustader på Gildhus.

Fresvik Bygdaheim

Alt i 1918 vart det starta arbeid for å få bygd gamleheim i Fresvik. Fresvik Helselag som vart skipa i 1920, hadde som ei av sine viktigaste oppgåver å samle inn midlar til bygdeheimen. Først i 1986 vart det teken i bruk, men vart totalt øydelagd ved ein dramatisk brann i 1994. Heimen vart bygd opp att i 1995, og har plass til 14 pensjonærar.

Tannlege

Vik fekk første tannlegen i 1919, då Ragnvald Sivertsen opna kontor i bygget til postopnar Liljedahl.

Vik Apotek

vart opna i 1921, med Rolf Greve som første apotekar. Vik vann då lokaliseringskampen om apoteket mot Kyrkjebø (Høyanger). Høyanger gjorde i 1954 eit mislukka forsøk på å få flytta apoteket frå Vik til Høyanger.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no