SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Luster:

Bakgrunnen for Lyster Sanatorium

(Foto: NRK)
(Foto: NRK)

Kvifor på Harastølen?

Tørt klima, fureskog og helst i tynn fjelluft. Det var resepten ein trudde på i gamle dagar for å kurere folkepesten tuberkulose.
På Harastølen fann ein heile "pakken" - den låg på ei høgde og i eit klima som ein på den tida rekna som "immunsona" mot sjukdomen.

Publisert 18.11.2003 14:51. Oppdatert 19.11.2003 22:36.
Denne fjellhylla ovanfor Luster var nærmast ideell då St. Jørgen Stiftelse i Bergen på slutten av 1800-talet såg seg om etter ein høveleg stad til å byggje det som i mange tiår skulle verte eit av dei størst spesialsjukehusa for tubekuløse her i landet.

Tub-sjukehus vart helst kalla sanatorium, og på desse institusjonane likna behandlinga ofte meir på naturmedisinske kurar enn på skulemedisinske behandlingsformer.

Klostergodset på Selja gav grunnlag for fondet

Då St. Jørgen Stiftelse tok i ferd med å reise det svære bygningskomplekset høgt oppe i fjellsida over Luster, var det på mange vis slik at kapitalen som ein gong i tida vart investert frå vårt fylke i Bergen, vart ført tilbake til det fylket der fondet ein gong vart skapt. For då St. Jørgens Hospital for spedalske vart bygt i Bergen på 1600-talet, vart grunnfondet til dette henta frå bygder i Sogn og Fjordane, der mange gardar i mellomalderen høyrde til godset som klosteret på Seljeøya åtte. Særleg i Nordfjord, og delvis på synste Møre, hadde klosteret store eigedomar som dei hadde tiendeinntekter av. Sjå: Klostergodset.

Spedalsksjuka - lepra

Desse midlane gjekk altså på 1600-talet inn i kampen mot det som då var den store folkepesten:
Spillsykja - eller spedalskhet - lepra på god latin. Over halvparten av alle spedalske i landet kom nemleg frå distriktet mellom Bergen og Møre - særleg frå kystnære bygder i Sogn og Fjordane. Sjå meir om utbreiinga: Spedalsksjuka - lepra.

Etter at Armauer Hansen hadde oppdaga leprabasillen under mikroskopet, fann ein på kort tid medisinar og kurar mot sjukdomen. Ein sette også i gang opplysningskampanjar for å auke reinsemda, og ikkje minst auka reinsemd og bruk av isolat for dei sjuke slik at dei ikkje auka smittefåren, gav ei radikal betring.

Frå lepra-kamp til tuberkulose-kamp

Innan få år vart sjukesalane på leprasjukehusa i Bergen tømde. St. Jørgens Stiftelse hadde bra med midlar, og såg seg rundt etter nye oppgåver. Og dei mangla ikkje. For av ein eller annan grunn så fekk ein nett på denne tida i siste halvdel av 1800-talet ei enorm oppblomstring av ein ny folkepest - tuberkulosen.
Nett då ein tok til å få kontroll med spillsykja, breidde tuberkulosen seg som ei svart farsott over heile landet. Sjukdomen spreidde mykje sorg og tragedie, fordi den helst råka barn og ungdom. Kring 1900 var tuberkolosen skuld i nærpå fjerdeparten av alle dødsfalla i Noreg, og halvparten av dei døde var mellom 15 og 40 år. Ofte vart heile huslydar utrydda av tuberkulosen - eller tæringa - som den vart kalla fordi den åt opp vevet - spesielt i lungene.

Fem tub-sanatorier i Sogn og Fjordane

Frå slutten av 1800-talet og i åra framover tok det norske samfunnet det største krafttaket som nokon sinne er gjort innan helserøkta for å få bukt med folkepesten tuberkulose. På kort tid vart det bygt ei mengd tuberkulosesjukehus - eller sanatorier.
I tillegg til det store sjukehuset på Harastølen som skulle dekkje heile Vestlandet, bygde vårt eige fylke på kort tid fire tuberkulosesanatorier - i Askvoll (ligg ved stranda innanfor Askvoll sentrum), Sandane (noverande Gloppen sjukeheim), Lavik (seinare Lavik sjukeheim) og Lærdal (seinare Lærdal sjukehus).

Også i Måløy vart det bygt eit lite tuberkulosesjukehus midt i sentrum, på Midtgård. I Bergen vart Lungegården Hospital omgjort frå leprasjukehus til tuberkulosesjukehus.

Valet fell på Harastølen

Ved eit regjeringsvedtak i 1896 vart det avgjort at St. Jørgen Hospital skulle gå over frå leprasjukehus til å verte ein institusjon som skulle ta seg av "tæringssyge i Bergens Stift". Komiteen som skulle stå for omlegginga til tuberkulosesjukehus var samansett av medisinaldirektør M. Holboe, stadsingeniør i Bergen H. Daae og diakonisse Ellen Iversen. Dessutan var to frå tilsynsnemnda for St. Jørgen - overlege Klaus Hanssen og apotekar Johan Lothe med. Klaus Hansen leia komiteen, sidan det var han som hadde teke opp saka i 1891.
Dei henta inn framlegg frå ordførarar, legar og lensmenn kring heile Vestlandet om ein høveleg stad for eit nytt tuberkulosesjukehus. Det kom framlegg på ialt 70 lokaliseringsstader - frå Davik i Nordfjord i nord til Røldal og Etne i Sunnhordland i sør.

Seng på Harastølen i 1952. (Foto: Norsk Film/NRK)
Ut frå teoriane som på den tida rådde om såkalla "immunitetssoner" mot tuberkulose - dvs. om tørt klima, høgde over havet osb. - vart Harastølen valt. Eigedomen låg under storgarden Fuhr i Luster. Staden ligg 500 meter over havet, og låg så vidt over nedre høgda for denne merkelege "immunitetssona".

Hovudside:
· Harastølen



MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no