|
(Foto: Heidi Lise Bakke, NRK) |
Men også i kampen mot tuberkulosen kom det eit gjennombrot - det skjedde like etter 2. verdskrig. Då kom effektive vaksinar mot sjukdomen, og ein stor del av den norske befolkninga vart vaksinert mot tuberkulose i løpet av få år.
|
Medisinsk utstyr ved Luster Sanatorium i 1952. (Foto: NRK/Norsk Film) |
I tillegg vart dei kjende bussane og båtane til Statens Skjermbildefotografering sende land og strand rundt for å gjennomlyse alle norske brystkasser på jakt etter sjukdom og smittekjelder. Alle hadde plikt til å møte på skjermbildefotograferingane.
Enno ein gong vart sjukehussalar tømde for pasientar - men denne gongen var det på Harastølen.
Frå tuberkulose til psykiatri
Då St. Jørgen avvikla Lyster Sanatorium midt på 50-talet vart bygningane i mange år nytta som psykiatrisk sjukeheim av Sogn og Fjordane fylke. Men på 80-talet slo nye teoriar om behandling av psykiske lidingar igjennom. Psykiatrien vart omorganisert: No skulle flest mogeleg pasientar ut av dei store institusjonane og nærast mogeleg heimstaden.
Harastølen psykiatriske sjukeheim vart bygt ned, og til slutt nedlagt.
|
Tidleg på 1990-talet var det asylmottak på Harastølen. (Foto: NRK) |
Asylmottak på Harastølen
Kring 1990 fekk bygningane ein ny funksjon - no som eit av dei store asylmottaka i landet. Krigar og etniske konfliktar på Balkan sytte for rikeleg med beburarar på dei tidlegare sjukesalane på Harastølen.
Men sjølv om bygdefolket gjorde mykje for å skape kontakt og leggje opp aktivitetar for flyktningane, så vart opphaldet på den einbølte og isolerte Harastølen keisamt og vanskeleg i lengda. Det vart gnissingar bebuarane imellom og småkonfliktar med lokalsamfunnet. Asylmottaket vart avikla etter nokre år.
Planar om buddhist-kloster
Sidan har bygningane stått tome og unytta. Ei svær bygningsmasse som krev store summar om det skal skikkeleg vedlikehaldast - og forfallet viser tydeleg (år 2002).
I 1998 viste ein asiatisk munkeorden interesse for dei einbølte, tome bygningane på Harastølen. Dei ville gjere det om til buddhist-kloster, men planen rann ut i sanden. Entreprenør Egil O. Laastad i Bergen kjøpte i 2002 heile komplekset for å bygge fritidshusvære.