SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Luster:

Bygdedokterar og kvakksalvarar i Luster

Før legetenesta vart skikkeleg utbygd med distriktslegar, måtte sjuke ofte ty til sjølvlærde bygdedokterar når dei skulle ha hjelp.

Publisert 20.10.2003 12:45. Oppdatert 10.11.2003 09:01.

Tiltala for kvakksalveri

I slekta etter Nils Jensson Sterri, som levde på Hafslo kring 1800, var det fleire som vart bygdedokterar med handlag til både å få folk og fe friske. Nils måtte sjølv stå til rette, tiltala for "kvaksalveri".

"Stampen" stogga blod

Ein etterkomar etter Nils var Ivar Nilsson Hess Sterri - eller "Stampen" som han gjekk for i bygda. Han var i aktivitet kring 1860, og skulle ha evna til å stoppe blod. For å få folk friske, ville han stikke hol på pulsårer, men det var sjeldan at folk let han gjere det fårlege inngrepet.

"Stampen" skar vekk utvekst

Ei ung kvinne i bygda fekk ein gong ein stor utvekst på eine kjaken. Den hang som ein liten spene. Ho var til vanleg lege for å skjære den bort, men legen ville ikkje gjere noko, for ho kunne blø seg forderva. "Stampen" høyrde om jenta og baud seg til å prøve. Jenta ville ikkje la han sleppe til, men han fekk lov å sjå på styggedomen.
Best det var, såg likevel "Stampen" seg eit snitt til å lure fram kniven og kutta voksteren bort. Det blødde fælt, men "Stampen" fekk stoppa blodet og kunne ta imot betaling for utført "dåd".

Beinspjelkar Sterri

Broren til "Stampen", Jens Nilsson Hess Sterri, var flink til å spjelke bein, og laga også ei spesiell sårsalve.

Plassa-Hans var bygdedokter

Plassa-Hans på Ornes - eigentleg Hans Odnes (1791-1878) - skulle vere ein endå meir dugande bygdedokter. Dette var ein kar som kunne studere anatomi i praksis, for han var både gravar og slaktar i bygda!
Plassa-Hans skulle vere spesielt kunnig med å "setje koppar" på folk.

Stappa inn att levra

Ein gong hadde ein mann fått eit stygt kutt i magen. Plassa-Hans såg på såret, men bad dei hente distriktslege Engh frå Sogndal. Då Engh såg såret, sa han at det var levra som taut ut av buken på den skadde mannen.

- "Å nai. Levri detta", sa Plassa-Hans.
- Neiggu e'kje detta levri - de e naikkjao! - Han e faite, fanten! - Stapp inn og saum atte!".

Det gjorde dokter Engh - og mannen vart frisk som ein fisk!

Kvakksalvar kutta pulsåra

I 1782 gjekk det ikkje betre enn at ein gut på Indre Hafslo døydde etter å ha blitt lagt under kniven til ein omreisande kvakksalvar.

Eigen "kirurg" på 1700-talet

Tidleg på 1700-talet ser det også ut til at folk i Luster fekk meir "fagleg" help frå ein mann som heitte Arnt Christoffer Rein. Han var utlærd barber og "feltskjær" - dvs. militærkirurg. Det vert fortalt at han til tider dreiv eit slag "sjukehus" på familiegarden Heltne i Luster.

Naturmedisinar

Les også om naturmedisinaren Hans O. Vigdal.

MEIR OM LUSTER 
Luster kommune

 
Aviser og media i Luster
Historia i Luster
Industri og næring i Luster
Kjende personar i Luster
Kommunehistoria i Luster
Kraftutbygginga i Luster
Krigshistoria i Luster
Kyrkjer i Luster
Samferdsle i Luster
Skular i Luster
Verd å sjå i Luster

 
Lyd frå Luster
Video frå Luster
BYGDEDOKTERAR I SOGN OG FJORDANE 
Jens Larsen Drægelid
Gamle-Ryssdalen
Mattis Olson Loen
Sæla-dokteren
Olav Tjønn
Den avhogne bjørnelabben i Eldalsdalen
Bygdedokteren Dal-Elling
Bygdedokterar og kvakksalvarar i Luster
Signeri og gamle lækjeråder
SE OGSÅ
Siste saker:

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no