|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Industri og næring i Sogndal: Sogn Billag L/L | Sogn Billag på Grøt i Sogndal ca. 1940. © Fylkesarkivet |
På slutten av 1930 tok nye og utvida vegsystem form: Vegen frå Sogndal til Leikanger opna i 1937, og rett etter kom vegen over Sognefjellet. Publisert 23.07.2002 11:51. Oppdatert 26.01.2007 13:54.Alt i 1935 vart det lagt fram ei tilråding for fylkestinget om at det fylkeseigde ruteselskapet Fylkesbaatane burde overta bilrutebildrifta i indre Sogn. Ei pådrivar for denne utviklinga var fabrikkeigar Halvard Drægni som då sat i styret for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.
Sogn Billag L/L vart skipa 12. februar 1936 med Fylkesbaatane som største aksjonær med 348 aksjar av i alt 350. Dei to siste aksjane var plasserte hos andre for formelt å stette krava til aksjelova som den gongen kravde fleire eigarar. Sogn Billag tok over alle aktiva i Indre Sogns Automobillag - m.a. åtte personvogner og to lastebilar. Billaget har sidan skipinga hatt hovudkontor og serviceanlegg i Sogndal.
Sidan skipinga har ei mengd lokale billag og rutebileigarar i kommunane frå Leikanger og Vik i vest og innover i Sogn gått inn i Sogn Billag.
Frå 2002 vart Sogn Billag saman med morselskapet Fylkesbaatane ein del av Fjord1 - Nordvestlandske.
| (Foto: NRK) |
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|