|
Ole Andreas Hopstock |
Eldste hotell i fylket
I 1847 kjøpte
Ole Hopstock frå Risør det gamle gjestgiveriet på Vikøyri og grunnla Hopstock Hotell. Seljaren var svogeren, kjøpmann
Jens Boalth Wallentinsen. Hotellet var halvferdig då Hopstock kjøpte, og vart bygd med 30 senger. Hopstock hadde også eige fiskebruk med not. Til eigedomen høyrde også ei kvern og eit sagbruk i Kyrelvi.
Militærtida ei god tid
I den tida Viksmoen var eksersisplass for
Sogns Bataljoner frå 1874 til 1898 opplevde Hopstock Hotell ei blømingstid. Mange offiserar budde på hotellet. På sommarkveldane samlast dei i lysthuset i hotellhagen, der militærmusikken spela. Også "kyrkjebergaren" og arkitekten
Peter Andreas Blix budde fast på hotellet under opphalda i Vik. Han disponerte eit fast rom i andre høgda der han hadde eigne møblar og kontor, og budde der dei siste åra han levde. Sidan vart dette kalla "Blixrommet". I 1981 vart det reist ei minnestøtte over Blix like ved hotellet.
|
Liv og Jens Krog Hopstock |
Landets første motell
Etter Ole Andreas overtok sonen
Jens Krogh Hopstock og kona hans Liv, og dei dreiv hotellet fram til 1918. Butikken vart i 1900 seld til Anders Øksdal, som i 1909 selde vidare til Ole Pederson Fosse.
|
Gamalt bilete av hotellbygningen som vart riven i 1973. (Foto © Fylkesarkivet) |
I tillegg til hotell og handel, vart Jens Hopstock også telefonstyrar, og i 1890 bygde han også Orvedals Mølle. Dei ugifte døtrene Wenche og Nico Hopstock tok då over hotelldrifta frå 1918 og fram til 1946. Då leigde kjøpmann og bakar
Mons Thorsen frå Vik hotellet fram til han kjøpte det i 1950.
Mons Thorsen let systera Malla Thorsen drive Hopstock Hotell. Ho vart kjend som ei gjestfri og hjartegod hotellvertinne. I 1956 bygde Thorsen det første motellet i landet som eit anneks til den gamle hotellbygningen.
|
Motellet som stod ferdig i 1957 var landets første. |
Gamlehotellet vert rive
Frå 1967 leigde ekteparet Anne Marie og Carl Melchior Riiber det gamle hotellet frå Thorsen, men dei flytta til Kristiansand i 1968. Då overtok ekteparet Grethe og Tom Eide ei kort stund, men hotellet gjekk dårleg, og Vik kommune kjøpte det. I 1971 kom så Riiber tilbake til Vik og kjøpte Hopstock Hotell under førsetnad av at dei var villige til å rive det gamle hotellet for å gje plass når riksvegen gjennom Vikøyri skulle utvidast.
Til sterke protestar m.a. frå Fortidsminneforeningen vart så det gamle Hopstock rive og erstatta med eit nytt hotell i 1973. Nyehotellet hadde 58 senger.
|
Carl Andre Riiber. |
Sonen Carl André Riiber har vore ansvarleg for drifta sidan 1989, og overtok bygningane og eigedomen i 1992. Hotellet vart utvida frå 27 til 56 rom i 1995, og seks motellrom. I nokre av salongane er det teke vare på møblar og bygningsdetaljar frå det gamle hotellet som vart rive.