SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Samferdsla i Vik:

Ferdsla på fjorden i Vik

Naust i Framfjorden. (Foto: Tor Sivertstøl, NRK)
Naust i Framfjorden. (Foto: Tor Sivertstøl, NRK)

Publisert 23.07.2002 15:08. Oppdatert 08.03.2005 10:13.

Jektebygda Vangsnes

Vangsnes var det viktigaste senteret for jektefart i Sogn. I 1890 vart det talt 17 jekter i bygda.

Vik bygde kommunal kai

Vik kom med som stoppestad for dei første Fylkesbaatrutene i 1858, og første ekspeditør var Chr. Rasmussen. Det vanlegaste var at private ekspeditørar bygde kaia, men i Vik bygde kommunen dampskipskai i 1864.

Billett for å sjå dampbåten i Vik

Vikjene måtte betale for å få lov å stå på kaia når "dampen" kom. Dessutan vart det forbod mot dans på kaia.

Fylkeskaia stengd for konkurrentane

Frå 1866 fekk Fylkesbaatane hard konkurranse på Sognerutene frå andre dampskipsselskap.

Fylket kjøper Hopstock-kaia

I 1898 vedtok fylkestinget å kjøpe kaia til hotelleigar og handelsmann Jens Krogh Hopstock, og ved denne kaia var det berre fylkesbaatar som fekk leggje til.
Dampskipsekspeditør Hopstock plikta seg skriftleg til å avvise dampskipet "Ørnen" dersom det konkurrerarande ruteskipet freista å leggje til (sjå "Konkurranse om rutefarten" og "Ulukker i Lærdal").

Fresvik

kom med som stoppestad på dei aller første rutene som Fylkesbaatane starta mellom Bergen og Sogn i 1858. Fresvik hadde frå 1971 til 1976 anløp av ekspressbåtruta Bergen-Sogn, men fekk på 1990-talet snøggbåtsamband att ved at lokalruta som Fylkesbaatane sette opp mellom Aurland og Sogndal gjekk innom Fresvik.

Nese i Arnafjord

fekk rutestopp av Fylkesbaatane ein gong i månaden frå 1862, men fall ut av rutene etter ei tid. Først i 1882 kom bygdene inn att på dampbåtrutene, og hadde kring 1900 tre stopp i veka.

Vangsnes

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1877, og Lars L. Vangsnes var ekspeditør og postmann.
Den første ferja som gjekk til Vangsnes, var ferjeruta som frå 1945 vart sett opp mellom Nordeide i Høyanger og Leikanger.

Ferjesambandet Vangsnes-Grinde-Balestrand

vart opna i 1952, men før den tid hadde også ferja som gjekk mellom Vetlefjorden og Grinde i Leikanger før vegen til Balestrand var ferdig, nokre daglege turar over fjorden til Vangsnes.

Ferjesambandet Vangsnes-Dragsvik-Hella

vart opna i 1956 då vegen frå Grinde til Hella var ferdig. Same året opna Vik-Voss-vegen (Vikafjellsvegen), og trafikken auka sterkt.
Vangsnes ferjekai 1966

Feios

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1877, og handelsmann Kristen Offerdal vart ekspeditør og bygde kai.

Sylvarnes

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1890.

Faste ruter med D/S "Vangsnes"

Johannes J. Vangsnes frå Fresvik starta i 1903 faste ruter mellom Bergen og Sogn med D/S "Vangsnes". Johannes døydde i 1913, og sonen Nils J. Vangsnes overtok.
Mannskap på D/S "Vangsnes". F.v.: styrmann Kristian Vangsnes, fyrbøtar Sigurd Bøthun, kokk Ellend Vangsnes, maskinist Ragnvald Hauglum Vangsnes og skippar Nils J. Vangsnes. (Foto © Fylkesarkivet)


Framfjorden

fekk stoppestad for Fylkesbaatane i 1908 i samband med at selskapet Mineral og Kraft AS starta kalkgruve der (sjå "Talkgruvene i Framfjorden").

Finden

kom i 1924 inn på ruta til ei lokal motorbåtrute som Fylkesbaatane dreiv i fjorden mellom Lavik og Fjærland.

Strid om Bergens-rutene

Passasjerskipet "Balholm" sette Fylkesbaatane i rute mellom Høyanger-Vik-Balestrand-Leikanger-Flåm i 1949. Same året sette selskapet "Sognefjord" og "Sunnfjord" inn i rutene på Bergen.

Ekspressbåten

mellom Sogn og Bergen starta i 1971, og Vangsnes kom med på ruta frå første dag. Ei tid var også Fresvik med på ekspressbåtruta (sjå Fresvik lenger oppe). Rutestopp i Vik vart nokre år sløyfa, men kom med att frå 1998.

Skyssbåtar

Peder Kvamme var den mest kjende skyssbåtføraren. Han dreiv frå slutten av 1920-talet skysstrafikk med fire båtar: "Tommeliten", "Solo", "Ramona" og "Bolinder". Den siste vart under 2. verdskrig nytta som slepebåt for lekterar på Årdalsvatnet under Nordag-utbygginga (sjå "Tyskarane satsar på Årdal").
Den siste som dreiv passasjerbåt i Vik var Herman Vikøren med båten "Solveig", som var i drift til 1970-talet.

"Sylvarnes" til veglause grender

Ei lokal båtrute med fraktebåten "Sylvarnes" har dei siste åra utført vare- og passasjertransporten frå Vik og vestover til dei veglause grendene på sørsida av Sognefjorden.

Ekspressbåten

mellom Bergen og Sogn har daglege anløp måndag-fredag til Vik.

Sjå også:
· Ferdsla på Sognefjorden


MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no