Kaupangergodset tek form
|
Eldre bilete av det eldste huset på Kaupanger Hovedgård, frå kring år 1500. Huset er kalla "Brannkjellaren", og har truleg vore arrestlokale. (Foto © Fylkesarkivet) |
Medan Kaupanger på vestsida var ein stor gard, var Amla delt opp i tre gardar - ein på øvre, ein midtre og ein for nedre Amla. Dei to øvste vart på 1600-talet samla til eitt bruk, og kom i Heiberg-slekta si eige frå 1690 - sjå:
Amla-gardane.
På den tida då
Lærdalsmarknaden tok over som marknadsstad etter
Lusakaupang - dvs. på slutten av 1500-talet - var det slekta Schack som eigde området kring Lusakaupang.
Men det var først då den illgjetne futen
Gjøde Pederssøn fekk hand om Kaupanger ved eit makeskifte i 1606 at godset for alvor tok til å vekse.
Gjøde Pederssøn eigde også Stedje gard, og fekk bytt til seg Kaupanger mot eit par gardar han hadde arva i Jylland. Gjøde utvida Kaupanger-garden mykje.
Gjøde Pederssøn selde Kaupanger i 1636 til riksråd Iffuer (Iver) Wind til Nørholm.
Setegardsprivilegiet gav Kaupanger-godset rett til å skipe trelast direkte til utlandet. Skogeigarane på Kaupanger hadde også eigne jekter for transport av trevirke til Bergen.
I 1763 vart Kaupanger Hovedgård sete for den første amtmannen i Sogn og Fjordane ved at
Joachim de Knagenhjelm etter fleire bøneskrift til kongen fekk skilt ut Nordre Bergenhus som eige amt.
|
Teikning av Kaupanger Hovedgård i 1846 - med den gamle og mektige hovudbygningen fire år før han brann. Kaupanger stavkyrkje ligg til høgre. (© Fylkesarkivet) |
Det gamle tunet med hovudbygning frå 1600-talet med klokketårn og med sine to karakteristiske fløyar ut mot fjorden, brann veslejulaftan 1850.
Frå første tid var dei mektige fureskogane den viktigaste inntekta til Kaupanger-godset. Store oppgangssager langs Kaupangerelva skar tømmeret, og ein stor del av jekteflåten på Sognefjorden vart hyrt inn for å frakte skurlasta frå "Knakasagi" til kjøparane i Bergen.
·
Kaupanger Sag og Høvleri
·
Leiglendingar i skog og på sagbruk
Garden er i 2003 eigd og driven av Christen og Randi Knagenhjelm.
Knagenhjelm-skrinet
Knagenhjelm-skrinet på Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen er ein av dei mest kostesame sølvskattane i Noreg frå 1600-talet. Sølvskrinet er omlag 50 x 25 cm langt og overdådig dekorert med filigransarbeid og prydsteinar og veg 5,5 kilo. Skrinet vert omtala i auksjonen etter kansellirådinne Catharina Elisabeth Knagenhjelm som døydde i 1772. Det er sannsynleg at dette familieklenodiet har vore oppbevart på slektsgodset i Kaupanger ei tid.