SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Lærdal:

Lærdalsmarknaden

Lærdalsmarknaden i nyare tid. (Foto: NRK)
Lærdalsmarknaden i nyare tid. (Foto: NRK)
Lærdalsmarknaden var i fleire hundre år ein av dei viktige handelsmarknader i Noreg. Første gong den er omtala er i 1595. Då vert det påbod om at marknaden skal vare i 8 dagar frå 7. oktober. Lærdalsmarknaden var møteplassen for handel og varebyte for folk frå kysten og fjordbygdene og bønder langt ned i Valdres og Hallingdal.

Publisert 23.01.2002 09:25. Oppdatert 17.01.2007 08:19.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Frå Bergen kom kjøpmenn med "byvarer" som jernvarer, tauverk og salt, og bøndene bytte jordbruksvarer som never, tjære, korn, smør og kjøt mot fisk og sild frå havfolket.
Marknaden var eit sentralt møtepunkt for hestehandlarar. Hestane vart m. a. kjøpte i Nordfjord og Sunnfjord.
Og innimellom den meir "matnyttige" handelen gjorde allslags handverkarar, treskjærarar, klokkehandlarar og andre gode forretningar. Ein god del gamalt kunsthandverk som enno finst i Songebygdene - som t. d. dei kjende "løvekannene" - stammar frå handverkarar frå Austlandet som selde slike varer på Lærdalsmarknaden.
Lærdalsmarknaden var det årlege høgdepunktet i Sognebygdene - ein folkefest. Ofte fekk tenestefolket fri frå gardsarbeidet i nokre dagar for å reise til Lærdal på marknad.

Lærdalsmarknaden var som ein liten "Vestlandskappleik" for lokale spelemenn. Om fleire av dei beste spelemennene i Sogn les vi at dei var årvisse på Lærdalsmarknaden.

Slåsskjemper mot fut og militærvakt

Men også slåsskjempene samlast på Lærdalsmarknaden: Dei kom frå Valdres, Hallingdal, Sogn og Voss for å ta ryggtak - og det som verre var. Med brennevinshandel og skjenkestover like ved marknadsplassen, seier det seg sjølv at det kunne gå livleg føre seg med slagsmål og knivbruk - til og med drap. Her samla vestlendingar og austlendingar seg i kvar sine flokkar som rauk saman så blodet flaut.
Ein gong sist på 1600-talet gjekk det retteleg hardt føre seg: Då kameraten til Jon Larsson vart arrestert, samla Jon ein eigen "hær" på kring 100 mann. Med ein planke
i neven marsjerte Jon føre hæren sin til arresten for å få kameraten ut. Men futen sette etter med sine folk. Då futen var opp i hælane på "folkehæren", kommanderte Jon Larsson "heilt om!" og baud flokken sin at dei skulle gå på futen og slå han ihjel. Både Jon og dei andre slo etter øvrigheita, og futen fekk nokre rapp over knokane utan at det gjorde stor skade. Men Jon vart dømd "udi jern til Bremerholm" i 2 år, og alt han åtte vart kverrsett av Kongen.
For å halde styr på marknadsfolket, vart det sett opp ei miltær avdeling med 30 soldatar som skulle halde ro og orden under marknadsdagane. Den lokale handelsmannen bygde eigen arrest i kjellaren. I tillegg fekk Lærdal eigen bygdevektar i 1737, då Jonas Bolstad (1737-1782) frå Luster fekk stillinga. Han skulle halde bygda rein for uynskte personar, men hadde også til oppgåve å leite opp menn som freista å lure seg unna militærteneste.

Skattefusk og drap

Den militære vaktstyrken vart finansiert ved ei ekstra avgift som vart lagd på varebytet, men både kystfolk og dølafolk freista å omgå avgifta ved å reise til Lærdal og gjere unna handelen før den "offisielle" marknaden tok til. I 1708 vart den militære vakta avløyst av ei meir "sivil" vakt. Den fekk som spesiell oppgåve å kome dette "skattejukset" til livs. Like etter dukka valdrisene opp til handel, fjorten dagar for tidleg. Men då vaktene skulle stoppe valdrisene og krevje dei for skatt, vart vaktene banka opp og stukne med kniv. I basketaket vart ein gut frå Valdres så ille medfaren at han døydde av skadane. Sonen til skaffaren i Lærdal, Jakob Rasmussen, vart dømd for drapet, men fekk berre ei bot fordi retten fann han hadde slege valdrisen i naudverje.
Etter denne bataljen, fann styremaktene det klokast å gå tilbake til den gamle ordninga med militærvakt på Lærdalsmarknaden.

Marknaden vert lagt ned

Marknaden hadde si beste blømingstid tidleg på 1800-talet. I 1842 var det jamvel aktuelt å gje Lærdalsøyri bystatus (sjå "Plan om by på Lærdalsøyri"). Men frå midten av hundreåret taper Lærdalsmarknaden gradvis si betydning. I 1876 vert Lærdalsmarknaden offisielt lagt ned. Ein grunn var at fylket ikkje ville betale kostnadane med vakthald, og alt i 1869 tok fylket til orde for å leggje ned marknaden. Men den viktigaste grunnen var nok likevel at denne forma for varebyte og handel hadde tapt si rolle i eit bygde-Noreg som no gjekk over frå sjølvberging og varebyte til pengehushald. Dei sterkt veksande byane vart den nye marknaden for jordbruksprodukta; Valdris og halling sende kjøt og smør til Oslo med jernbane, og sogningane sende sine varer til Bergen med den nye "fylkesdampen". Dessutan vart handelsprivilegia til byane oppheva på 1840-talet, og lokale bygdekjøpmenn sytte føre det meste som folk hadde trong for av kjøpevarer.
Frå 1970-talet har handelsstanden på Lærdalsøyri skipa til ein "ny" Lærdalsmarknad, der ein i tillegg til eigen handel også let omreisande handlande sleppe til frå salsboder.

Hestemarknaden

Som ein slags "kompensasjon" for den nedlagde Lærdalsmarknaden, fekk Lærdal frå 1885 ei årleg offentleg hesteutstilling, som skulle kombinerast med ein hestemarknad. Opptil 600 hestar kunne årleg verte stilte i Lærdal for døming og sal.
Det var gjennom denne marknaden at dølahesten etterkvart fekk så stort innpass som hesterase i dei inste Sognebygdene. Den første offentlege hingsteutstillinga for blandingsrasar og dølahest i Sogn vart halden i Lærdal i 1855, og frå denne tida vart det starta avl på dølahest i Sogn.

Sogneungar

Ute på kysten var det i eldre tider eit omgrep som heitte ”sogneungar”. Dette var foreldrelause born som kystfolket, når dei reiste inn for varebyte på Lærdalsmarknaden, tok til seg og fostra opp heime. Var desse fattige og foreldrelause borna komne i tenåra, vart dei tekne med ut til kysten der dei fekk arbeid og ein stad å bu. Mang ein kystbuar i Sogn og Fjordane kan føre slekta attende til ein slik sogneunge.


MEIR OM LÆRDAL 
Lærdal kommune

 
Aviser og media i Lærdal
Historia i Lærdal
Industri og næring i Lærdal
Kjende personar i Lærdal
Kommunehistoria i Lærdal
Krigshistoria i Lærdal
Kyrkjer i Lærdal
Samferdsle i Lærdal
Skular i Lærdal
Verd å sjå i Lærdal

 
Lyd frå Lærdal
Video frå Lærdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no