Ein del tømmer vart sende i spesielle løyper ned ned dei bratte fjellsidene og i fjorden kring Kaupanger og Amla. I Kaupanger var det i alt atten og i Amla åtte slike tømmerløyper som kunne brukast både vinter og sommar.
Ei liknande tømmerrenne vart også nytta ved godset på
Frønningen på andre sida av fjorden.
Det meste av skogsarbeidet og arbeidet på sagbruka vart utført av den store mengda leiglendingar og husmenn som Kaupanger Hovedgård heldt seg med heilt fram til etter andre verdskrig.
Pliktarbeid
Når det var arbeid i skogen eller på garden i onnene, vart husmennene tilsagde for pliktarbeid.
Langt inn på 1900-talet hadde Kaupanger Hovedgård 16 husmannsplassar. I tillegg var det 18 leiglendinggardar. Einskilde av desse gardane kunne telje opp mot 200 da. når ein reknar med skogen.
|
Nils Knagenhjelm avvikla husmannsvesenet på Kaupanger. (Foto: Erik Karlsen, NRK) |
Avvikla husmannsordninga
|
Christen Knagenhjelm. (Foto: R. Søgnesand, NRK) |
Straks
Nils Knagenhjelm (f. 1920) tok over som eigar av Kaupanger hovedgård i 1949, avvikla han husmannsvesenet, og dei som leigde jord, fekk kjøpe seg fri.
Dei siste åra har det meste av innmarka på bruket vorte nytta til granfrø-produksjon for stiftelsen Det Norske Skogfrøverk.
Garden er i 2003 eigd og driven av Christen og Randi Knagenhjelm.