Det er uvisst kva opphav mannen har, men mest truleg var han dansk, for han åtte store eigedomar i Danmark. Han kunne også vere frå adelsætt i Danmark.
Desertør og skrivar?
Etter tradisjonen dukkar han først opp som skrivar for futen i Sogn, som då budde på Fimreite. Ei anna segn seier at han var militær, og at han deserterte i krigen mot svenskane.
Overtok som fut
I 1604 tok han over som fut i Sogn etter Engel Jensen Bang, og i 1606 fekk han hand om storgarden i Kaupanger ved eit makebyte på to gardar som han hadde arva i Nord-Jylland. I 1607 tileigna han seg også kongetienda for Sogn, som han kjøpte av kongen for 80 riksdalar. I 1608 bytte han også til seg storgarden på Stedje, og i tida som fylgde kom ei mengd andre gardar i Sogndal i hendene på Gjøde.
Gjøde Pederssøn utvida Kaupanger-garden mykje, og har fått "hovudæra" for at godset etter kvart talde 60.000 da. Den mest fargerike segna om Gjøde er knytt til korleis han skaffe seg den store eigedomen: Segna seier at Christian IV som takk for Gjøde Pederssøn sin innsats under Kalmarkrigen let han få så mykje jord i Kaupanger som han greidde å ri rundt på ein dag!
Under tiltale
Men rett eller gale i segna - tilhøvet til kongemakta kjølna i alle høve fort. I 1611 vart han sett under tiltale både for svindel og underslag mot kongen og andre, og dessutan for eit drap på tyskaren Herman Bolt Bergen i 1609. Bønder i Sogn vart etter kvart så galne på den vrange futen at dei i 1610 sende ein mann til København for å klage på Gjøde Pederssøn.
Endå ein drapstiltale
Då rettssaka kom opp, vart han også tiltala for endå eit mord: I 1607 skulle han ha fekta med ein pistol då han var på vitjing hos godseigaren Jon Anderssøn Teiste i Kroken i Luster (andre kjelder meiner at Teiste då budde på Eikum). Skotet gjekk av, og tiltalen ville ha det til at Teiste vart råka av nokre hagl slik at han seinare døydde - sjå:
Teiste-ætta kjem til Kroken.
Klaga inn for horeri
På toppen av alt dette vart han også klaga for "horeri". Tiltalen sette støkk i den ville futen: Han rømde i 1611 og var som sokken i jorda i lang tid. Men like etter røminga vart han frådømd alt han åtte. Han vart også frådømd futeembetet. Men etterkomaren,
Hans Rasmussen var ikkje stort ærlegare.
Pederssøn reiser seg att
Så dukka Gjøde Pederssøn opp att i 1627, og no makta han det kunststykke å få full frifinning for brotsverka sine, og attpå til oppreising: Han hevda m.a. at Teiste døydde av sjukdom, og både mordskuldingane frå Kroken og i Bergen kom han seg unna utan dom og straff. Straks han kom tilbake til Kaupanger som fut, heldt han fram med jordsamlinga, både av kyrkjegods og anna.
Frå han overtok Kaupanger i 1606 og til han selde til riksråd og fut
Iffuer Wind i 1636, vart verdien på Kaupanger-godset dobla.
Uærleg framferd
Men mykje av jordegodset skaffa Gjøde seg på uærleg vis. Han utnytta bygdefolk nærmast som trælar og fekk fiendar over alt. I 1638 fekk nokre bønder ein leigemordar til å skyte den forhatte futen Gjøde Pederssøn. Men Gjøde overlevde, og leigemordaren Tollef Kolbeinsen vart halshoggen som straff. Dei tre bøndene som hadde leigde han, Jørgen Pedersen (Loftesnes?), Olav Bottolvsen og Lars Skaksen vart dømde til lekkjer og tvangsarbeid på Bremerholm festning ved København på livstid.
Flytta til Kaupanger att
I 1639 flytta Gjøde Pederssøn frå Kaupanger, men kom tilbake etter ei tid, då som fullmektig for Wind og styrar på godset. No vert dei gamle drapssakene på nytt reiste mot han, men han slepp fri straff denne gongen òg.
|
Epitafium som i følgje tradisjonane skal forestille Gjøde Pedersen, kona og ein son. (Foto © Fylkesarkivet) |
Gav gåver til kyrkja
Fleire gonger gav den illgjetne futen gåver til kyrkja i Kaupanger:
I 1609 gav han tre vakre lysestakar til kyrkja, og i 1634 ny altartavle. Denne vart sidan flytta til Jostedalen kyrkje, der ho framleis står.
Sjølv har han sikra seg ei "evig" minne i stavkyrkja i Kaupanger med eit digert epitafium (minnemåleri) med seg og familien. For retteleg å understreke kva kar han meinte han var, hengde han opp biletet over korbogen - ein æresplass der det på den tida var vanleg å hengje eit krusifiks med Kristus på krossen!