Hopp til innhold
Urix forklarer

Hamas: Kva står dei for og kven er leiarane?

Israelsk etterretning har jakta på han i over 20 år. No står Mohammed Deif truleg bak Hamas sitt største og dødelegaste angrep mot Israel nokosinne.

hamas-krigarar poserer med våpen. balaklava og grønne panneband.

HEMN: Den militære leiaren i Hamas seier at israelsk okkupasjon og aksjonar mot al-Aqsa-moskeen er hovudgrunnane til angrepa som starta laurdag.

Foto: MAHMUD HAMS / AFP

7. oktober 2023 gjekk Hamas til angrep på 27 israelske småbyar og tettstader.

Eit av dei mest omtalte angrepa var retta mot ravefesten Nature Party på grensa til Gaza.

Fleire unge israelarar blei bortførte av væpna Hamas-soldatar som kom flygande inn i festivalområdet på paragliderar. I etterkant skal 260 personar ha blitt funne drepne i nærleiken.

Same dag erklærte den israelske forsvarsministeren krig mot Hamas.

bilar ligg i vegkanten langs ein motorveg i ørkenen.

OMRINGA: Festivaldeltakarar prøvde å flykte, men blei omringa av Hamas-soldatar.

Foto: AFP

Kva er Hamas?

Hamas står for «Islamsk motstandsbevegelse». Det er ein palestinsk, islamistisk og nasjonalistisk militant politisk organisasjon, oppretta i 1987 – som ein reaksjon på israelsk okkupasjon av palestinske område.

Hamas har hatt kontroll i Gaza sidan 2007.

I fjor meldte menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch om at Hamas driv med systematisk undertrykking av palestinarar i Gaza.

Det er avgrensa ytringsfridom, og kvinnerettar er også avgrensa. I 2021 sende det øvste rettsorganet i Hamas ut ei melding om at mannlege verjer kan søke om eit rettsbestemt forbod mot at kvinna får reise ut av landet.

Nøyaktig korleis Hamas er organisert, er det mykje hemmeleghald rundt. Men organisasjonen er basert på prinsippet om shura, altså folkeavstemming og råd.

I Koranen står dei at ein bør rådføre seg med andre når ein tar politiske avgjersler. Shura-rådet i Hamas skal vere demokratisk valt.

bilete av Ismail Haniyeh som veivar med eit palestinsk flagg. Har på seg dress og eit palestinsk skjerf.

Ismail Haniyeh er Hamas sin politiske leiar. Han bur i Qatar og styrer organisasjonen derfrå.

Foto: MAHMOUD ZAYYAT / AFP

I tillegg til rådet, er Ismail Haniyeh ein viktig person. Hamas-leiaren har blitt omtalt som meir pragmatisk og ikkje like fiendtleg innstilt til Israel som andre i organisasjonen.

Likevel utfører Hamas det blodigaste angrepet på Israel nokosinne under hans leiing.

Al-Qassam-brigaden er den militære fløya i Hamas. Dei har utført ei lang rekke angrep mot israelske mål.

Det er usikkert kor mange soldatar brigaden har. Ulike kjelder oppgir tal mellom 20.000 og 50.000.

Hamas arbeider i hovudsak militært og politisk, men har også eit velferdsprogram, eit eige nyheitsbyrå og tilbyr sosiale tenester.

Kven er den militære leiaren?

Israelsk etterretning har prøvd å drepe han fleire gonger, men aldri lukkast.

Mohammed Deif har vore leiar av al-Qassam-brigaden i over 20 år. Han er ingeniøren bak fleire av Hamas sine sjølvmordsbomber, og er kjent for å organisere terrorangrep mot Israel.

Bilete av Mohammed Deif. Portrettbilete med dårlig oppløysing. Ser ut som han er rundt 30 år. Ser seriøs ut.

GAMMALT BILETE: Det einaste bilete som finst av Mohammed Deif er frå rundt år 2000.

Foto: AFP

Ifølge israelsk etterretning blei kona, dottera og den nyfødde sonen hans drepne i 2014, i eit av dei mange angrepa som har vore retta mot han.

Sjølv har han overlevd, men skal ha mista eit auge, begge beina og ein arm.

Deif, som betyr «gjest» på arabisk, skal vere eit namn han har tatt. «Gjesten» er svært mystisk, og det finst nesten ingen handfast informasjon om han.

Han skal visstnok bu i forskjellige hus kvar natt for å unngå israelsk etterretning, skriv Financial Times. Ein teori er at det er bakgrunnen for kallenamnet hans, ifølge avisa.

Det finst berre eitt bilete av Deif på internett, som skal vere frå rundt år 2000.

Skjermpdump av ein TV-kanal. Ein mann sit i motlys, ser kun skuggen. Han har ei hand opp og gestikulerer med ho. Ein ser tydeleg at det er ein mann med kort hår.

MYSTISK FIGUR: I eit sjeldan TV-sendt intervju viste Mohammed Deif seg berre som ein skugge.

Foto: AP

Kva er målet deira?

Hamas uttrykte frå start at målet deira var å utslette Israel som stat, og å opprette ein islamsk palestinsk stat.

I 2017 publiserte Hamas eit nytt dokument med politiske standpunkt, eit såkalla charter. Der står det at målet er å «frigjere Palestina og konfrontere det sionistiske prosjektet», ifølge omsettinga til Store norske leksikon.

Dei presiserer at det er det sionistiske prosjektet Hamas vil kjempe imot, og ikkje jødar på grunnlag av å vere jødar.

I tillegg anerkjenner Hamas grensene frå 1967 i charteret. Men sidan krigen braut ut på nytt 7. oktober, har det derimot kome ulike fråsegn om dette frå Hamas.

I november møtte NRK Hamas sin internasjonale talsperson, Osama Hamdan. Då sa han at «det var aldri noko Israel, og det vil aldri vere det», og impliserte med det at Hamas ikkje anerkjenner Israel som stat.

Les også Hamas til NRK: – Vi kjemper til siste mann

Kvifor gjekk dei til angrep?

Videoar av brutale drap og bortføringar har dominert nyheitsbildet dei siste dagane. Hamas har angripe Israel ved fleire anledningar før, men aldri i så stor skala.

Mohammed Deif kalla den militære operasjonen for «al-Aqsa Flood», og sa laurdag at 5000 rakettar var sendt mot israelske mål.

Operasjonen skal vere motivert av Israels okkupasjon av Vestbreidda og aksjonen mot al-Aqsa-moskeen tidlegare i år.

– I dag, de som har ein pistol, ta han fram, det er på tide. Alle bør reise ut med sine lastebilar, bilar eller kampverktøy, sa Deif i ein TV-sendt tale, og oppmoda folk til å kjempe.

Hazem Qasim, talsperson for Hamas, sa derimot til NRK at angrepets hovudmål er å bytte dei bortførte israelarane mot palestinske fangar frå israelske fengsel.

Les også Flere skadet i politiaksjon mot moské i Jerusalem

Uniformerte politifolk fjerner muslimer fra utkanten av moskeen. I forgrunnen tar en politikvinne tak i armen til en chador-kledd (en slags hijab) kvinne og sleper henne med seg/reiser henne opp fra bakken.

Erik Skare forskar på palestinsk motstandskamp ved UiO. Han skildrar Gaza som eit av verdas verste stader å bu, og trur Hamas sitt angrep botnar i eit raseri og ønske om hemn.

Ifølge FN er om lag halvparten av alle som bur på Gazastripa arbeidsledige. 80 prosent skal vere avhengige av humanitær støtte for å overleve, og den israelske blokaden rundt området gjer det nesten umogleg å reise inn og ut. Mange palestinarar har aldri vore utanfor Gaza.

– Openbert gjer det noko med synet ein får på vald, seier Skare.

Ungdom held oppe eit bannar med logoen til Qassam-brigaden.

HALVPARTEN: Meiningsmålingar viser at om lag 50 prosent av palestinarar meiner at Hamas bør representere dei.

Foto: HAZEM BADER / AFP

Har Hamas støtte?

Enkelt sagt er Hamas allierte med Israels fiendar.

Dei største støttespelarane er det iranske regimet og Hizbollah i Libanon. Ifølge amerikansk etterretning skal Iran støtte Hamas økonomisk, med våpen og opptrening av soldatar.

Tyrkia og Qatar har tidlegare uttrykt støtte til Hamas, men etter dei nye angrepa har landa tilbydd seg å vere meklarar i konflikten.

Blant palestinarar er meiningane om Hamas delte.

I 2021 viste ei meiningsmåling frå The Palestinian Center for Policy and Survey Research at om lag halvparten av palestinarane meinte at Hamas bør representere og leie det palestinske folket.

I 2023 utførte den same organisasjonen ei ny meiningsmåling. Då skal støtta ha auka til 58 prosent i Gaza og 42 prosent på Vestbreidda.

Det er uvisst korleis folk stiller seg til Hamas etter dei nye angrepa.

Er Hamas terrorlista?

Hamas har desidert fleire fiendar enn venar. Hamas sine angrep har møtt fordømming verda over, også frå Noreg.

Statsminister Jonas Gahr Støre, USAs president Joe Biden, EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen og andre europeiske leiarar har kalla angrepet for ei terrorhandling.

Hamas er på terrorlista til både EU, USA, Storbritannia og Israel.

Nokre dagar etter angrepet 7. oktober sa også statsminister Støre at Hamas er ein terrororganisasjon.

– La meg gjere det heilt klart: Ein organisasjon som har planlagt, gjennomført og tatt ansvar for slike terrorhandlingar, må kunne karakteriseres som ein terrororganisasjon. Punktum. Ferdig snakka, sa Støre.

Denne saka er oppdatert etter publisering, med meir info om kva som er Hamas sine mål. Den er også oppdatert med statsminister Støre si skildring sav Hamas som ein terrororganisasjon.

SISTE NYTT

Siste nytt