Hopp til innhold

Uavhengig gransking: Ingen bevis frå Israel på at UNRWA-tilsette er kopla til terror

Israel har hevda at 450 tilsette i FN-organisasjonen for palestinske flyktningar (UNRWA) er knytte til terrororganisasjonar. Udokumenterte påstandar, seier ein uavhengig granskingskomité.

Folk går utanfor UNRWA-hovudkvarteret i Gaza by, 15. februar 2024.

EIN SVEKKA ORGANISASJON: Ikkje alle landa som kutta si støtte til UNRWA i januar har teke den opp att sidan. Redd Barna seier til NRK at dette har prega funksjonane deira i heile regionen.

Foto: - / AFP

Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Palestina
34.622
Siste uke:
234
Israel
1460
Sist oppdatert: 3.5.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallet for antall drepte i Palestina er tall for Gaza. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. Ifølge tall som ble publisert 3. april av israelske myndigheter, har 260 israelske soldater blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

I ein tidlegare versjon av denne artikkelen stod det at Colonna-rapporten også undersøkte den israelske regjeringa sin påstand om at 12 UNRWA-tilsette deltok i Hamas-angrepet 7. oktober. Dette er feil. Deltaking i Hamas-angrepet blir etterforska parallelt av det interne FN-organet OIOS, som ikkje har konkludert enno.

– Israel kom med offentlege påstandar om at eit vesentleg tal UNRWA-tilsette er medlem av terrororganisasjonar.

– Israel har ikkje enno gitt bevis som støttar opp om dette.

Slik startar den etterlengta Colonna-rapporten, der fagfolk har vurdert FN-organisasjonen sin nøytralitet.

Blant dei er norske ekspertar ved Chr. Michelsens Institutt i Bergen.

Palestinians, who were displaced by Israel's military offensive on south Gaza, attempt to return to their homes in north Gaza, as seen from central Gaza Strip

Reuters har fanga opp denne folkestraumen frå sør til nord på Gazastripa 14. april. Det er i Nord-Gaza nauda er aller størst, seier Redd Barna.

Foto: RAMADAN ABED / Reuters

I januar blei 12 UNRWA-tilsette skulda for å vere medlem av terrororganisasjonar, og å ha delteke i Hamas-angrepet 7. oktober i fjor. Ti av desse fekk sparken like etterpå, og to er døde.

Sist månad trappa Israel opp skuldingane, og hevda at fleire enn 450 av dei tilsette jobba for militante grupper i Gaza, melder Reuters.

Ei eiga etterforsking leidd av Kontoret for internt overblikk (OIOS) etterforskar framleis dei 12 som Israel har knytt til Hamas-angrepet, medan Colonna-granskinga har undersøkt nøytralitet blant dei tilsette i organisasjonen generelt.

Les også UNRWA: – Me snakkar no om verkeleg svolt på Gazastripa

Krigen i Gaza har vart i 100 dager. Flere titusen sulter, melder UNRWA.

Sender lister over tilsette til Israel

I organisasjonen jobbar det 30.000 personar til saman, som hjelper 5.9 millionar palestinske flyktningar i regionen, også utanfor Gaza.

Granskingskomitéen skriv at UNRWA sidan 2011 har sendt inn oversikter til styresmaktene i Israel, slik at dei kan sjekke bakgrunnen til dei som jobbar der.

– Dei israelske styresmaktene har ikkje informert UNRWA om noko bekymring knytt til tilsette i UNRWA basert på desse listene.

FILE PHOTO: Displaced Palestinians wait to receive United Nations Relief and Works Agency (UNRWA) aid, in Rafah

I Gaza er det stort behov for matleveransar frå omverda. UNRWA er svært viktig for at desse skal kome fram, seier generalsekretæren i FN.

Foto: Mohammed Salem / Reuters

Framleis nektar Israel å sleppe inn noko som helst naudhjelp gjennom organisasjonen, trass i store og aukande behov.

Den israelske utsendinga til FN har ikkje enno svart på Reuters sin førespurnad om kommentar etter at rapporten blei publisert.

«Problem med nøytralitet»

På pressekonferansen viste komitéleiar Catherine Colonna til det komitéen kallar «nøytralitetsutfordringar».

– Det er ikkje nyheiter at UNRWA har utfordringar med politisering av tilsette på bakken, seier Colonna.

– Ikkje alle, men nokre av dei, og vanlegvis stillingane med meir påverknadskraft.

Catherine Colonna

Granskingsgruppa er leidd av, og namngitt etter, den tidlegare franske utanriksministeren Catherine Colonna.

Foto: ANGELA WEISS / AFP

Likevel meiner komitéen at UNRWA har eit særskilt grundig system for å sikre nøytralitet, blant anna med grundige bakgrunnskontrollar.

Dei har levert heile 50 forslag til endringar i korleis organisasjonen fungerer, som:

  • å etablere ei etterforskande eining som skal sikre nøytralitet,
  • å endre måtane UNRWA kontrollerer bakgrunnen til dei tilsette på, og
  • å innføre tredjepartskontrollar av sensitive prosjekt.

Godkjent av generalsekretæren

Generalsekretæren i FN, António Guterres, har godkjent anbefalingane.

– UNRWA, med generalsekretæren si støtte, skal få på plass ein handlingsplan for å innføre dei anbefalte endringane, seier talspersonen hans i eit utsegn.

– På vegen vidare ber han alle aktørar om å aktivt støtte UNRWA, fordi det er ei livbøye for palestinske flyktningar i regionen.

Israel Palestinians UN Agency

Komitéen meiner at fleire UNRWA-tilsette i posisjonar «med påverknadskraft» er for tydelege om sine politiske meiningar.

Foto: Mohammad Zaatari / AP

Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu har fleire gongar kravd at UNRWA blir avvikla.

– Vi må erstatte UNRWA med andre FN-organisasjonar og hjelpeorganisasjonar, dersom vi vil løyse Gaza-problemet slik vi har planar om å gjere, sa han ifølge Reuters 31. januar.

På spørsmål om Israel si stilling til organisasjonen, svarte Colonna følgande:

– Vi veit alle at den israelske regjeringa har offentleg uttrykt sterke meiningar om UNRWA, men det store fleirtalet i det internasjonale samfunnet deler ikkje Israel sitt syn.

Redd Barna: – Vi treng UNRWA

Men klokka tikkar. 80 prosent av all naudhjelp til Gaza kjem via UNRWA, og behova på bakken har auka enormt i løpet av seks månader med krig.

Utanlandssjef i Redd Barna, Nora Ingdal, seier deira tilsette har «sete klistra til nyheitene» medan dei venta på den fullstendige rapporten.

Nora Ingdal er utenlandssjef i Redd Barna,

Humanitære organisasjonar er heilt avhengige av UNRWA, seier Ingdal.

Foto: Nora Lie/Redd Barna

– Barn dør medan vi snakkar no. Dei svelt i hel, og vi kjem ikkje til. Vi treng UNRWA, seier ho til NRK.

– I det biletet så treng vi at givarane tek opp att finansieringa og støtta til UNRWA, økonomisk og moralsk.

Ho seier skuldingane har fått store konsekvensar for organisasjonen. Det at støtta til UNRWA enno er svekka påverkar også Redd Barna si emne til å nå fram, fortel Ingdal.

– UNRWA hadde ei koordinering til å nå fram, heilt opp til Nord-Gaza der behova har vore størst.

Ho ber no land om å ta opp att støtta til UNRWA.

Meiner funna svekker Israel sine skuldingar

Jørgen Jensehaugen er seniorforskar på Institutt for fredsforsking (Prio), og ekspert på den langvarige konflikten mellom Israel og Palestina.

– Skuldingane mot UNRWA har ført til enorme konsekvensar, og har potensial til å gjere at organisasjonen kollapsar, seier han til NRK.

Jørgen Jensehaugen

Jørgen Jensehaugen, seniorforskar ved Prio.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

– Så når Israel framleis ikkje kjem med den type bevismateriale, så er det graverande.

Skuldingane har gjort at UNRWA mista store summar i pengestøtte frå verdssamfunnet i januar – rekna til rundt 4,6 milliardar kroner.

Konsekvensane blir spesielt synlege når ein ser på dei mest sårbare områda på Gazastripa, meiner Jensehaugen.

– Det korte svaret er at Nord-Gaza ikkje klarar seg utan UNRWA, for Nord-Gaza klarar seg ikkje no i det heile teke.

– Sveltekatastrofen er også ein refleksjon av at UNRWA er nekta tilgang.

USA har stengt krana, Storbritannia sit på gjerdet

Ei rekke land valde å setje pengestøtta til FN-organisasjonen på pause medan skuldingane blei etterforska.

I dag har dei fleste av landa teke opp att si støtte, men ikkje USA, og ikkje Storbritannia.

Britiske styresmakter har sagt at dei ville vente på Colonna-rapporten før dei tok stilling til nye utbetalingar.

Humanitarian aid falls through the sky towards the Gaza Strip after being dropped from an aircraft, amid the ongoing conflict between Israel and the Palestinian Islamist group Hamas, as seen from Israel

Her blir naudhjelp sloppe frå eit fly over Gazastripa. Biletet er teke 21. april.

Foto: Amir Cohen / Reuters

Jensehaugen trur konklusjonane kan vere positive nok for UNRWA til at Storbritannia vel å støtte dei på nytt.

– Men det er klart at USA er den verkeleg store, seier han.

– Så lenge dei ikkje kjem tilbake og ingen andre store givarar aukar sine bidrag vesentleg, er det fare for at UNRWA går konkurs eller må gjere drastiske inngrep i strukturen sin.

SISTE NYTT

Siste nytt