Finanstilsynet har starta tilsyn i sak om ulovleg låneformidling i Rogaland
Finanstilsynet vil setje i verk undersøkingar for å avdekke om det skjedd brot med regelverket i låneformidlingssaka i stavangerregionen. Det opplyser dei om i ei pressemelding fredag.
Finanstilsynet har bedd om utgreiingar frå aktuelle bankar og advokatselskapets revisor og rekneskapsførar.
I ei årrekke har ein advokat og tidlegare partnar i advokatfirmaet Bull Årstad fått investorar i Stavanger-regionen til å låne ut pengar med inntil 15 prosent renter. Låna viste seg ikkje å vere reelle og det fanst truleg ikkje låntakarar. Bustyrar Flemming Karlsen opplyste til NRK tysdag at det så langt var meldt inn nær 600 millionar kroner i tap frå långivarane.
For å drive med låneverksemd må ein vere registrert hos finanstilsynet. Finanstilsynet har ikkje vore kjent med den aktuelle advokaten si verksemd.
Tysdag opplyste økokrim om at dei hadde avgjort å starte etterforsking av låneskandalen.