Økonom: 50/50-sjanse for rentekutt etter Noregs Bank-rapport
Bedriftene ventar at produksjonsveksten vil halde seg oppe gjennom andre halvår, ifølgje Noregs Bank regionale nettverk.
Det er ein viktig rapport, kor sentralbanken har intervjua over 400 bedrifter og organisasjonar om korleis det står til i økonomien.
Fleire av bedriftene trur at folk si auka kjøpekraft vil forsterke etterspurnaden etter både varer og tenester.
Samstundes er det litt fleire som no melder at dei har problem med å få tak i den arbeidskrafta dei treng.
Rapporten er eit viktig grunnlag når Noregs Bank skal setje renta neste veke.
– Rapporten skrik ikkje rentekutt. Det er no stor tvil om september-kuttet, om lag 50/50-sjanse, skriv seniorstrateg Dane Cekov i Sparebank 1 Markets i ein SMS.
Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i SpareBank 1 Sør-Norge meiner svara i rapporten er i tråd med det sentralbanken har venta seg.
– Isolert støttar dette greit opp under eit rentekutt neste veke. Samstundes fekk vi høgare inflasjonstal enn venta i går, noko som trekk litt i motsett retning, skriv Knudsen.