Hopp til innhold

7 av 10 nordmenn trur ikkje det blir verdskrig: – Eg trur folk er smarte nok, seier Fredrik (20)

Verdsbildet er uroleg, men nordmenn som trur ein ny verdskrig vil bryte ut, er i mindretal. Det viser ei ny undersøking frå Opinion.

Bjørn Borgar Bekkedal (til høyre) og Fredrik Torset.

KAN DET BLI KRIG?: Fredrik Torset og Bjørn Borgar Bekkedal (til høgre) blir engasjerte når dei diskuterer Noreg si forsvarsevne.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

– Krig bekymrar mange no, sjølv om dei fleste håpar på det beste, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Det gjer også studentane NRK har snakka med. Dei kan bli nervøse av situasjonen i verda, men ser likevel lyst på framtida.

I undersøkinga seier tre av ti at dei trur det blir verdskrig. Dei unge er meir uroa enn vaksne.

– Unge blir kanskje veldig påverka av det og trur på alt dei les, medan vaksne kanskje ikkje gjer det, seier Thea Celine Ness Briskeby (21).

Jente til høgre på bord (Malin, 21)
Jente til venstre framme (Selma, 22) 
Jente til venstre bak (Thea Celine Ness Briskeby, 21)

Thea Celine Ness Briskeby og studievenninnene på Blindern i Oslo.

Foto: Ksenia Novikova

– Mange stormakter er involverte, men eg trur ikkje det kjem til å eskalere til ein verdskrig, seier Bjørn Borgar Bekkedal (20).

Ein kan bli nervøs av at stormaktene er på kanten med kvarandre, men eg trur ikkje det endar i noko heilt forferdeleg.

Han studerer samfunnsøkonomi på Blindern i Oslo, saman med Fredrik Torset (20).

Heller ikkje han er uroa for ein tredje verdskrig.

– Eg trur folk er smarte nok til ikkje å ville ha det. Ein har «crazy» leiarar nokre stader, men eg trur framleis ikkje det vil eskalere, seier han.

Fredrik Torset og Bjørn Borgar Bekkedal (til høyre). Studenter om krigsfrykt.

Studentane Fredrik Torset og Bjørn Borgar Bekkedal.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Nato som sikkerheitsnett

Andre studentar seier til NRK at dei er meir uroa for krig enn dei var før, men at dei ikkje uroar seg for det i kvardagen.

Sjølv om 42 prosent i Opinion-undersøkinga trur det er liten fare for ein ny verdskrig, svarer 29 prosent at dei trur det er stor fare for 3. verdskrig.

Militære kjøretøy på Langnes kai i Alta

Militære køyretøy på Langnes kai i Alta under ei Nato-øving.

Foto: Jonas Løken Estenstad / NRK

70 prosent av dei spurde meiner Noreg må ruste opp forsvaret.

– Uavhengig av politisk parti meiner eit fleirtal at det bør bli investert meir i forsvaret. Noreg er no prega av noko så sjeldan som ei tverrpolitisk vilje til opprusting, seier Clausen.

Eit fleirtal svarer at dei ikkje er overtydd om Noreg si evne til å forsvare seg.

  • 39 prosent har tillit til Noreg si forsvarsevne
  • 52 prosent har ikkje tillit til Noreg si forsvarsevne
  • Resten veit ikkje

Når det kjem til Nato er nordmenn optimistiske. 79 prosent stolar på at dei vil garantere sikkerheit ved eit angrep.

Les også Sverige er blitt Nato-medlem

Sverige ble medlem av Nato torsdag 7.mars, 2024

Forskar: – Mindre sannsynleg

Øyvind Svendsen er forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).

Han er ikkje overraska over at så mange nordmenn trur det blir verdskrig.

Vi lever i ei dystopisk tid. Vi har høg levestandard i Norden og Vesten, men vi har ikkje den same trua på framtida. Vi ser faresignal på mange frontar, og det skapar ei viss bekymring for at denne dystopien skal utvikle seg, og at vi kjem til å leve i eit «mareritt-samfunn» prega av krig og elende, seier han.

Øyvind Svendsen er seniorforsker ved NUPI.

Øyvind Svendsen er seniorforskar ved NUPI.

Foto: NUPI

Han seier det er naturleg at dei unge er meir uroa for verdskrig sidan dei skal leve lenge.

– Men det er også litt trist at dei som skal ta verda vidare, har så lite tru på at dei skal kunne leve eit fredeleg liv.

Kva kan dei trøyste seg med?

Dei unge kan trøyste seg med at det framleis er mindre sannsynleg at det blir ein krig. Det er slik at dei fleste i verda ikkje ønskjer ein tredje verdskrig, fortel Svendsen.

Teknikerkroen i Bergen

Norge har rundt 20.000 tilfluktsrom.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK
Andersgrotta, tilfluktsrom i Kirkenes

Norges tilfluktsrom har plass til 2,5 millioner mennesker.

Foto: Ksenia Novikova
Restaurant China Palace i Verdal, som ligger nede i kjelleren på et kjøpesenter. Det er røde vegger og grønne plastblomster i taket. En dame er på vei ut fra lokalet. På veggen over inngangsdøra henger et gult skilt hvor det står: Tilfluktsrom.

China Palace i Verdal er ikke bare en restaurant, men også et av landets mange private tilfluktsrom.

Foto: Nareas Sae-Khow / NRK
Tromsø parkeringsanlegg, som også fungerer som byens offentlige tilfluktsrom. Men dere er det bare plass til ti prosent av befolkningen.

Tromsø parkeringsanlegg, som også fungerer som byens offentlige tilfluktsrom.

Foto: Eirik Hind Sveen / NRK
Ett av Norges 20.000 tilfluktsrom.

I 1998 fjernet myndighetene kravet om at offentlige bygg må ha tilfluktsrom.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg

Vil ruste opp med oljepengar

I januar gav svenske styresmakter beskjed om å bu seg på at det kan bli krig i Sverige.

Les også Flere barn bekymret etter krigs­advarsel i Sverige

I ei tale tidlegare i mars åtvara også Donald Trump om tredje verdskrig.

– Vi kjem til å få ein tredje verdskrig dersom ikkje noko skjer raskt.

Her heime er Frp-leiar Sylvi Listhaug tydeleg på at det er all grunn til å frykte ein ny storkrig, og vil ruste opp Noreg med oljepengar.

Statsminister Jonas Gahr Støre seier dette er ein uansvarleg måte å snakke på.

– Eg trur det er veldig liten sjanse for at Putin er interessert i ein krig mot Nato, har Støre sagt til NRK.

Samtidig seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) at det er naivt å ikkje førebu seg på krig.

AKTUELT NÅ