Hopp til innhold

Vil motverke lærarmangel med ny master

Det er lærarmangel i heile Noreg. 2,5 veke før søknadsfristen går ut, tek universitetet grep.

Oddmund Hoel, minister for forsking og høgare utdanning, står utanfor UiO i Oslo. Han har på seg blå skjorte og dressjakke og smiler til kameraet. Han er ein mann i 50-åra, med briller og grålig hår.

PRØVER NOKO NYTT: Oddmund Hoel, minister for forsking og høgare utdanning.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Solberg-regjeringa innførte krav om mastergrad for alle som ønska å bli lærar.

Tala på dei som søkte seg til norske klasserom var på veg ned før masterkravet – etter har talet på søkarar sokke ytterlegare.

Det viser tal frå Samordna opptak:

Testar noko nytt

Det er to vegar til (klasse)Rom for dei som vil bli lærarar:

  1. Ta ein mastergrad med fag og pedagogikk i same slengen
  2. Ta ein mastergrad i eit fag og så eitt år med pedagogikk etterpå

Hos Universitetet i Oslo (UiO), har talet på dei som tek eksamen i den andre gruppa halvert seg sidan kravet om mastergrad vart innført for fem år sidan.

Dei startar difor eit prøveprosjekt, til stor begeistring frå regjeringa, for å lokke fleire til læraryrket.

No har studentane 2,5 veke på å bestemme seg om dei skal søke, før fristen går ut.

Som eit plaster på såret, og eit forsøk på å auke interessa for læraryrket, vil UiO no bake pedagogikken inn i ein toårig master i ti ulike fag.

Altså kan du bli fullverdig lærar med ein master i til dømes norsk, matematikk eller religion, fordi pedagogikken blir baka inn i mastergraden.

Les også Pia (24) mener disse grepene kan lokke flere til å bli lærere

Pia Stemland med caps, solbriller og turklær

Vil ikkje fjerne master-kravet

– Vi er heilt avhengige av å få fleire som har studert andre ting, som har lyst til å bli lærarar, inn i yrket. Då er dette eit veldig godt tiltak, seier Oddmund Hoel (Sp), forsking- og høgare utdanningsminister.

UiO er det første universitetet som prøver dette, ei løysing som ikkje er forskriftsfesta enno. Det er i første omgang 50 plassar på studiet.

Hoel håper andre universitet og høgskular vil gjere det same i tida som kjem.

– UiO har søkt om å prøve det i haust. Men vi tek sikte på at forskrifta blir endra no i vår, slik at andre kan kome i gang på ordinært vis neste år, seier statsråden.

På spørsmål om kvifor dei ikkje berre fjernar kravet om mastergrad, svarar Hoel at norske barn og ungdom fortener høgt kvalifiserte lærarar.

– Grunnskulelærarutdanninga er framleis hovudvegen til å bli lærar, men vi treng i tillegg andre tilbod som rettar seg mot dei som har studert andre ting tidlegare, seier Hoel.

Positive studentar

Studentane Sebastian Leite Snell og Reidunn Hånes Egge går fjerde og tredje året på lærarstudiet. Dei meiner det er eit godt tiltak.

– Eg trur det er viktig for å få høgare søkartal. Læraren er den viktigaste ressursen i klasserommet, så det er veldig bra, seier Egge.

Sebastian og Reidunn sitter ved et rødt bord på et bibiliotek på UiO. Sebastian har stort, svart krøllete hår og blå skjorte. Reidunn har brunt hår, pannelugg og kjole med t-skjorte under. Ho ser bort på Sebastian. Bak dem er rader med bokhyller og bøker.

Studentane Sebastian Leite Snell og Reidunn Hånes Egge er positive til prøveprosjektet.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Sebastian Leite Snell har alltid visst at han skulle bli lærar.

– Men folk finn ut av ting på ulike tidspunkt, så det er fint at når ein først er ferdig med ein bachelor og tenker at ein vil bli lærar, kan ein gjere det på to ekstra år, i staden for tre.

Stort potensial

Rita Hvistendahl, dekan ved Det utdanningsvitskapelege fakultet, seier dei er heilt sikre på at denne nye mastergraden vil trekke til seg fleire søkarar.

– Dei som har ein treårig bachelor, som kan tenke seg å prøve læraryrket, og dei som alt jobbar i skulen, men ikkje har den formelle kvalifiseringa, seier Hvistendahl.

Rita Hvistendahl, en dame i 50-årene, smiler til kameraet. Hun står innendørs på et fakultet på UiO. Hun har kortklipt brunt hår og hvit bluse.

Rita Hvistendahl, dekan ved Det utdanningsvitskapelege fakultet.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Når denne saka er publisert, er det omtrent 2,5 veker igjen før den ekstraordinære opptaksfristen går ut. Det uroar ikkje dekanen. Det er allereie stor interesse for mastergraden, seier ho.

– Alt for mange veker sidan byrja folk å ta kontakt med oss og lurte på når dei kunne starte. Så eg trur det finst eit stort potensial for rekruttering, avsluttar Hvistendahl.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT