Hopp til innhold

Knivstikkinga i Gaupne: Den femte sikta tenåringen erkjenner ikkje straffskuld

Ein mann i 50-åra har forklart at han fredag blei knivstukken av fleire maskerte tenåringar i eit skogholt i Luster kommune. Fem tenåringsgutar er sikta for grov kroppsskade eller medverking til det. Ein gut under den kriminelle lågalder har i avhøyr laurdag «knytt seg til hendinga». Elles har dei tre andre ikkje erkjent straffskuld.

No opplyser forsvarar Erik Johan Mjelde at heller ikkje den siste blant dei sikta erkjenner straffskuld. Hans klient er over den kriminelle lågalder på 15 år.

– Han har forklart seg til politiet, og svart på alle spørsmål han har fått om si rolle. Han har ikkje erkjent straffskuld for det som siktinga gjeld, altså grov kroppsskade.

Mjelde viser til at saka er tidleg i etterforskinga og at han med omsyn til dei andre involverte ikkje ønskjer å seia meir om kva guten skal ha fortalt.

Mann ble knivstukket i et skogholt i Gaupne i Luster

Fem tenåringar sikta etter knivangrep i skogholt: – Han har knytt seg til hendinga

Mann i 50-åra blei knivstukken av maskerte gutar. Ein gut under den kriminelle lågalder har i avhøyr «knytt seg til hendinga».