Hopp til innhold

Fredsmøtet i Sveits: Må involvera alle partar for fred i Ukraina

Landa som deltok på fredsmøtet i Sveits har kome fram til at dialog mellom alle partar er nødvendig for å stanse krigen i Ukraina.

– Me trur at alle partar må involverast og vera i dialog for å oppnå fred, heiter det i sluttdokumentet frå fredsmøtet.

Dokumentet er støtta av det store fleirtalet av dei litt over 90 landa som deltok på møtet, skriv Reuters.

Saudi-Arabia, India, Sør-Afrika, Indonesia, Thailand, Mexico og Dei sameinte arabiske emirata signerte ikkje sluttdokumentet.

Fredsmøte i Sveits for fred i Ukraina, 16. juni
Foto: Urs Flueeler / Reuters

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no