Hopp til innhold

Noreg aukar Ukraina-støtte med 50 millionar

Regjeringa aukar den humanitære støtta til Ukraina med til saman 50 millionar kroner. Det skriv regjeringa i ei pressemelding sundag ettermiddag.

Midlane vert fordelte mellom Den internasjonale Raude Kors-komiteen (ICRC) og Unicef. Pengane skal sikra vern av sivile og reintegrering av deporterte barn.

– Russlands ulovlege krig mot Ukraina held fram for full styrke. Noreg er svært bekymra for situasjonen for sivilbefolkninga i Ukraina, ikkje minst for barna, og aukar difor innsatsen for vern, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Støre har denne helga delteke på fredsmøtet i Sveits ilag med statsleiarar frå kring 90 land for å diskutera vegen mot fred i Ukraina.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no