Hopp til innhold

VG: Samtalar på tvers om å få til nytt barnehageforlik

Fleire parti forsøker å samlast om eit nytt barnehageforlik før Stortingets sommarferie, opplyser VG.

Både Arbeidarpartiet og Høgre stadfestar til VG at det går føre seg samtalar på tvers av blokkene om eit mogleg nytt barnehageforlik.

Behov for meir føreseieleg økonomisk drift, styrka bemanning og rettferdig opptak til barnehage er nokre av ønska som er fremja av dei ulike partia.

Om eit ferdig forlik skal bli vedtatt i denne stortingsperioden, må ein proposisjon vera klar frå Kunnskapsdepartementet før påske i valåret 2025, skriv VG.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no