Hopp til innhold

Test kan gi svar på når du får Alzheimers

Norske og amerikanske forskarar har utvikla ein genetisk test som kan gi svar på når eit menneske vil utvikle demenssjukdomen Alzheimers. Det vil enno ta ein del tid før testen kan takast i bruk her i landet.

Norske og amerikanske forskarar har utvikla ein genetisk test som kan gi svar på når eit menneske vil utvikle demenssjukdomen Alzheimers.

VIDEO: Ny test gir svar på når du får Alzheimers.

Professor Ole A. Andreassen ved Universitetet i Oslo har vore med på utviklinga av testen. Han fortel at alle menneske vil utvikle Alzheimers, om dei blir gamle nok. Alzheimers er den vanlegaste forma for demens.

Sjukdomen gjer det vanskelegare å uttrykkje seg, gir problem med hukommelsen og svekking av evna til å orientere seg.

Stor interesse

Professor Ole A. Andreassen.

– Alle vil få Alzheimers om dei lever lenge nok, seier professor Ole A. Andreassen.

Foto: NRK

Andreassen fortel at testen har vekt stor internasjonal merksemd. I USA er det interesse for å ta testen i bruk på sjukehus, og det vil truleg ta kortare tid å ta testen i bruk i USA enn her i landet.

– Vi har spesielle reglar for bruk av slike testar her i landet. Alt skal godkjennast og validerast, så det står att ein del arbeid, seier han til NRK.

Professoren opplyser at testen er basert på at spesielle genvariantar avgjer når sjukdomen utviklar seg. Saman med amerikanske kollegaer har han sjekka genane til over 70.000 personar, både personar med Alzheimers og eldre som ikkje har utvikla sjukdomen.

Slik har dei funne fram til genane som utviklar sjukdomen, og det viser seg at Alzheimer utviklar seg over ein periode på 20 år. Testen kan gi ganske nøyaktig fortelje når sjukdomen vil bryte ut innanfor denne 20-årsperioden.

Hvor mye vil du egentlig vite?

Ny vaksine kan stoppe Alzheimers

Tidleg behandling

Det finst ikkje effektiv medisin mot Alzheimer i dag, men det kan vere fordi sjukdomen har kome for langt når behandlinga kjem i gang. Derfor meiner Andreassen at det i framtida blir viktig å starte behandling så tidleg som mogleg, og at det aukar sjansen for å finne ein effektiv kur.

Generalsekretær i Folkehelsa, Lisbeth Rutvedt.

Generalsekretær i Nasjonalforeningen for Folkehelsa, Lisbeth Rugtvedt, trur den nye testen vil bli ein viktig reiskap i kampen mot Alzheimers.

Foto: NRK

– Det kan vere viktig for den enkelte å vite om dette, slik at ein kan planleggje alderdomen betre, og eventuelt endre livsstil som kan forseinke utbrotet. Men det er også viktig samfunnsmessig, ikkje minst når det gjeld utforminga av eldrepolitikken i framtida, seier han.

Ole A. Andreassen trur ikkje alle vil vite når dei vil utvikle sjukdomen, men han reknar sjølv med å ta testen når han blir eldre.

Jeg vil redde eldreomsorgen

Jeg og min alzheimer

Håp om effektiv medisin

Generalsekretær i Folkehelsa, Lisbet Rugtvedt, er stor tru på den nye testen, og ho håpar at det gir større håp om å finne ein effektiv medisin. Ho trur også at mange av dei som er ramma av demens, eller deira familiemedlemer, har eit sterkt ynskje om at ikkje andre skal bli ramma.

– I dei neste åra vil mange fleire bli demente her i landet, fordi vi får fleire eldre. No kan vi ha hå om at det blir mogleg å utvikle medisinar, seier ho til NRK.

Forskinga er basert på eit langvarig samarbeid mellom Norment (Norsk senter for forsking på mentale sjukdomar) ved Universitetet i Oslo og Center for Translational Imaging and Precision Medicine ved University of California i San Diego.

AKTUELT NÅ