NRK Meny
Normal

– PST kan ikkje gjere Noreg tryggare med dette

PST-tillitsvalt meiner det er ingenting i regjeringa si terrorplan som vil gjere PST betre rusta til å beskytte Noreg.

Lasse Roen, PST

PST-tillitsvalt Lasse Roen (innfelt) er skuffa over manglande satsing på PST av regjeringa.

Foto: NTB Scanpix/NRK

  • Tillitsvalt i PST: – Alt det viktige er blitt utsett
  • PST-sjefen: – Dette er ei god og omfattande melding

I dag var dagen då regjeringa endeleg svarte på den knusande kritikken frå Gjørv-kommisjonen, i form av tiltak til opprusting av politiberedskapen.

Ein av politietatane som var mest i fokus i kjølvatnet av 22. juli-debatten, nemleg Politiets Tryggingsteneste (PST), har no fått ei lang liste med lovnader frå regjeringa. Problemet er berre at eitt av dei ti tiltaka som er lista opp som kan reknast som eit konkret forslag.

– Ingen avklaring

Lasse Roen PST

PST-tillitsvalt Lasse Roen trur ikkje terrormeldinga frå regjeringa fører til at Noreg vil bli betre rusta mot terror dei neste åra.

Foto: Gunnar Sakshaug / NRK

– Eg kan jo ikkje seie at ting har blitt så mykje klarare av dette. Me i PST vil gjerne gjere meir enn me gjer i dag, og det gir ikkje meldinga noko avklaring på, seier hovudtillitsvalt i PST, Lasse Roen.

11,5 millionar kroner løyver regjeringa til opprusting av IKT-satsinga i PST. Resten av forslaga er heller lite målbare. Til dømes skriv PST at dei vil «styrke den strategiske og faglege styringa», «sende på høyring eit forslag om meir effektive løysingar for tilgang til personopplysningar», «vurdere behovet for å klargjere heimlane for PST til å formidle til E-tenesta».

Dei udefinerte tiltaka regjeringa kjem med kan neppe bli realisert før valet, og ifølgje meiningsmålingane er det svært sannsynleg at det blir eit regjeringsskifte i september. Det er dermed ein stor sjanse for at ti av dei elleve tiltaka regjeringa kjem med ikkje vil bli oppfylt.

– Regjeringa har skildra dei viktigaste utfordringane, men dei har ikkje kome med ei avklaring. I staden er dei skove ut i tid, seier Roen.

For sårbare

– Det openbare som manglar er spørsmål om ressursar og kapasitet. Me er for sårbare i dag. Det handlar om personell, driftsmidlar, og også juridiske avklaringar. Alt dette er blitt utsett.

– Vil PST kunne gjere Noreg tryggare dei neste åra basert på denne meldinga?

– Viss dette er alle tiltaka frå regjeringa, så er svaret nei. Men me får berre håpe at det kjem ei avklaring på alle problemstillingane snart. Men alt kokar ned til kva slags forventningar regjeringa og stortinget har til PST.

Justisminister Grete Faremo har to gongar tidlegare utsett spørsmålet om PST sine ressursar og prioriteringar, og om dei samsvarar med forventningane ein har til tryggingstenesta.

PST-sjef: – Ei god melding

 Marie Benedicte Bjørnland

PST-sjef Benedicte Bjørnland har ikkje vist noko misnøgde med regjeringa i samband med terrormeldinga.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Tidlegare i dag uttalte PST-sjef Benedicte Bjørnland at ho var positiv til regjeringa si terrormelding. Dermed er det ei tydeleg dissonans mellom leiinga og dei tilsette i PST i synet på regjeringa sine tiltak.

– Dette er ei god omfattande melding der me har fått inn mange element som me er opptekne av. Langt på veg har regjeringa si melding fanga opp dei momenta me har spelt inn, sa ho til NTB tidlegare i dag.

Bjørnland seier gjennom inforådgjevaren sin at ho ikkje ønskjer å uttale seg meir om dette til NRK.no.

Dette er tiltaka regjeringa kjem med for å ruste opp PST:

  • Styrke IKT-systema i PST med 11,5 millionar
  • Styrke den strategiske og faglege styringa
  • Gjennomgå reglane om teieplikt frå offentlege organ
  • Framme forslag om endringar i passlova
  • Vurdere endringar i reglane om teieplikt i Tollova
  • Avklare om lovgjeving hindrar PST i å be E-tenesta om å innhente informasjon om norske borgarar i utlandet
  • Vurdere behovet for å klargjere heimlane for PST til å formidle personopplysningar til E-tenesta
  • Sende på høyring eit forslag om betre løysingar for tilgang til personopplysningar frå utlendingsstyresmaktene
  • Vurdere regelendringar om skjulte tvangsmidlar og anonym vitneførsel
  • Framme forslag til endring av utlendingslova for å gi betre høve til å utvise utlendingar som utgjer ei alvorleg trugsel mot Noreg

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger