Hopp til innhold

Märtha Louise feira 17. mai på slottet saman med kjærasten

Prinsesse Märtha Louise og kjærasten Durek Verrett feira nasjonaldagen saman, og deltok på kongefamiliens årlege 17. mai-lunsj på slottet.

Prinsesse Martha Louise og kjæresten Durek Verret deltok på den årlige 17. mai-lunsjen på slottet.

Prinsesse Martha Louise og kjæresten Durek Verret deltok på den årlige 17. mai-lunsjen på slottet.

Kvart år etter at kongefamilien er ferdig med å vinke til barnetoget frå slottsbalkongen på 17. mai, inviterer kong Harald og dronning Sonja til ein tradisjonsrik lunsj.

På gjestelista står blant andre kronprinsparet og barna deira, Märtha Louise og hennar barn og prinsesse Astrid.

I år kom også den nye kjærasten til prinsesse Märtha Louise til den tradisjonsrike familielunsjen. Det stadfestar slottets kommunikasjonssjef, Guri Verpe, overfor NRK.

VG la fredag ut ein video som viste at prinsessa og Durek Verrett reiste frå slottet etter at selskapet var over.

Omstridd turne

Forholdet mellom prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett, som kallar seg sjølv sjaman, blei kunngjort søndag. Kunngjeringa kom samtidig som paret skal ut på ein foredragsturné saman i Danmark og Noreg.

Märtha Louise og Durek Verrett hos TV 2

Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett var gjestar i frukost-TV på TV 2 torsdag for å snakke om turneen og kritikken som har kome dei siste dagane.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Turneen har fått kritikk blant anna fordi prinsessa bruker tittelen sin i marknadsføringa av turneen. Det har fått fleire, blant andre Fædrelandsvennen på leiarplass, til å krevje at ho skal seie frå seg prinsessetittelen, men det seier prinsessa er uaktuelt.

– Det er ikkje noko eg vurderer. Eg er ein del av den familien, og skal framleis vere ein del av han, sa ho i eit intervju med TV2 torsdag.

Samtidig varsla slottet at dei ville gå i dialog med prinsessa om korleis ho brukar den kongelege tittelen i kommersielle samanhengar.

Skepsis

Durek Verrett seier han er tredjegenerasjons sjaman, og at han blei valt som femåring. Han seier han fungerer som ei bru mellom det andelege og fysiske plan, og at han jobbar med å gi suksess, glede og healing i folks liv.

Han har Hollywood-kjendisar som Gwyneth Paltrow på kundelista.

Verrett har fått kritikk for utsegner om at han blant anna kan reversere aldring, og at blodkreft handlar om dårleg balanse i blodet, og at han kan korrigere dette.

Mange av pasientorganisasjonane prinsesse Märtha Louise er kongeleg beskyttar for tek avstand frå sjamanen, men vil framleis samarbeide med prinsessa.

Då Verrett landa på norsk jord tysdag, blei han møtt av eit stort oppbod av journalistar på Gardermoen. Han blei spurt om kritikken som har kome mot han, og svarte då at mykje av dette skuldast at folk er skeptiske.

– Eg trur at når folk ikkje forstår alt, så er det ikkje uvanleg med kritikk. Eg trur folk er redde, fordi dei ikkje forstår, sa han.

AKTUELT NÅ