Hopp til innhold

Slottet vil snakke med prinsessa om kommersiell bruk av tittel

På slottet følgjer dei debatten om prinsessa og sjamanen. No vil dei gå i dialog med prinsesse Märtha Louise om hennar kommersielle bruk av den kongelege tittelen.

kongeparet og prinsesse Märtha Louise i Longyearbyen

Prinsesse Märtha Louise sammen med foreldrene, kong Harald og dronning Sonja i Longyearbyen på Svalbard i 2018.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Vi følgjer med på debatten og det som blir sagt, og kjem til å vere i dialog med prinsessa knytta til marknadsføringa av næringsverksemda hennar, skriv kommunikasjonssjef Guri Varpe i epost til NRK.

Varpe utdjuper ikkje om dialogen gjeld marknadsføringa av den omstridde turneen «the princess and the shaman».

Kongehuset vil heller ikkje svare om det er aktuelt for kongen å ta frå dottera prinsessetittelen slik avisa Fædrelandsvennen kravde på leiarplass i dag.

Prinsessa sjølv seier til TV2 at det ikkje er aktuelt for henne å seie frå seg tittelen.

Bestemmer sjølv

Kongehuset ønskjer avstand til prinsesse Märtha Louise si kommersielle verksemd. Bakgrunnen for det forklarer kommunikasjonssjef Guri Varpe slik:

Guri Varpe, kommunikasjonssjef ved det kongelige hoff

Guri Varpe er kommunikasjonssjef ved Det kongelige Hoff

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Årsaka til at prinsesse Märtha Louise sidan 2002 ikkje lengre skulle bli titulert Hennar kongelege Høyhet var for å skape større avstand til kongehusets offisielle verksemd. Denne avgjerda la til rette for at prinsessa kunne gå ut i arbeidslivet og drive eiga næringsverksemd. Som følgje av avgjerda har prinsessa frå 2002 ikkje motteke apanasje, og i langt mindre grad enn tidlegare teke på seg offisielle oppgåver på vegne av kongehuset. Avgjerder rundt prinsessa si næringsverksemd tek ho sjølv.

Kritikken aukar

Kritikken mot prinsessa og den sjølverklærte sjamanen Durek Verrett aukar. Sidan paret søndag fortalde at dei er både kjæraster og samarbeidspartnerar, har reaksjonane vore mange.

Les også: Forbrukertilsynet følgjer med på kva prinsessa og sjamanen formidler

Søndag startar paret turneen «The princess and the shaman» i København. Gjennom foredrag og workshops inviterer dei publikum med på å kome i djupare kontakt med si indre kraft og med det utvikle verkty til å få ei djupare forståing av kven dei er.

I går måtte dei finne nye lokaler til det planlagde arrangementet i Stavanger etter at biskopen nekta å leige ut St Petri kirke til sjamanarrangementet.

Svarer ikkje Blodkreftforeningen

Blodkreftforeningen bad i går kongehuset ta avstand frå Durek Verrett sine påstandar om leukemi. Dei viser til inntrykket Verret gir på sine heimesider, om at blodkreft skuldast dårleg balanse i blodet og at han han som sjaman har kreftene til å gjenopprette denne balansen.

– Kongehuset og helsestyremaktene må umiddelbart stoppe kvakksalveri og alternative utspel som ikkje har noko grunnlag i virkeligheita pasientar og det profesjonelle medisinske miljøet står i. Vi venter ei klar og tydeleg melding frå kongehuset, og at videre marknadsføring av denne turneen blir gjort uten bruk av kongelege titlar, skreiv Olav Ljøsne, leiar i Blodkreftforeningen i ei pressemelding i går.

NRK har spurt kongehuset om kva dei seier til reaksjonen frå Blodkreftforeningen. Dette har kongehuset ikkje svart på.

AKTUELT NÅ