Hopp til innhold

Pasientorganisasjon usamd med sjamanen, men samarbeider med prinsessa

Norsk Epilepsiforbund åtvarar sine medlemmer mot å prøvde metodane sjamanen Durek Verrett tilbyr. Kongeleg beskyttarskap frå prinsesse Märtha Louise vil pasientorganisasjonen likevel ha, men Blodkreftforeningen ber Kongehuset ta avstand fra Verretts fråsegn.

Märtha Louise og Durek Verrett

Prinsesse Märtha Louise er kongeleg beskyttar for åtte pasient- og brukarorganisasjonar. Kjærasten og samarbeidspartneren Durek Verrett hevdar at han som sjaman kan hjelpe folk å bli friske.

Foto: Märtha Louises Instagram-profil

– Vi er svært ueinige med sjamanen Durek Verrett når han seier han hjelpe folk å bli friske. Vi åtvarar menneske med epilepsi mot å velje alternative metodar framfor skulemedisin, seier generalsekretær Jørn Sibeko i Norsk Epilepsiforbund.

Søndag blei det kjent at prinsesse Märtha Louise er kjærast med sjamanen Durek Verrett, og at dei to no skal rundt i Noreg og møte publikum saman.

Verrett har på eigne heimesider og i fleire intervju hevda at han som sjaman kan hjelpe folk å bli friske så sant dei opnar opp for det sjølve.

Til dømes har Durek Verrett forklart i ein Facebook-tråd, gjeve att av Aftenposten, sin teori om at leukemi handlar om ein «ubalanse i skjelettet».

Lengre ned i den same tråden, hevdar Verrett at han med sjamanteknikkar kan «reinse kroppen» for oppsamla gift.

Durek avkreftar i tråden at han nokon gong har hevda at han kan kurére kreft, men seier at han kan «hjelpe kreft».

– Strir mot vår etikk

Norsk Epilepsiforbund har lite til overs for Verretts metodar:

– Ei slik tilnærming strir mot vår etikk, men vi legg oss ikkje opp i forretningane til prinsessa, seier Sibeko.

Jørn Sibeko, generalsekretær i Norges epilepsiforbund

Jørn Sibeko er generalsekretær i Norsk Epilepsiforbund.

Foto: Silje Eide / Silje Eide

Epilepsiforbundet er ein av åtte organisasjonar prinsesse Märtha Louise er kongeleg beskyttar for. Alle organisasjonane er pasient- eller brukarorgansiasjonar.

Likevel vil ingen av dei kritisere prinsessa for samarbeidet med Durek Verrett.

NRK har bedt om intervju med prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett, men dei har sagt nei.

I et intervju med TV 2 onsdag ettermiddag, sa Verrett følgjande:

– Eg trur mange av de reaksjonane som har kome i Noreg, har kome fordi folk ikkje forstår kven eg er, og kva mine intensjonar er. Så dei er skeptiske. Men skepsis er bra, fordi då leitar ein etter tryggleik, ein ynskjer meir kunnskap og informasjon. Kunnskap og informasjon er med på å utvikle oss som menneske, og gjer oss tryggare og meir komfortable.

Prinsesse Märtha Louise og hennes kjæreste, Durek Verrett, får ikke holde foredrag i St. Petri kirke likevel.

Prinsesse Märtha Louise og hennes kjæreste, Durek Verrett, får ikke holde foredrag i St. Petri kirke likevel.

Sårbare

Søndag startar prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett sin sjølvrealiserings-turne i København. Frå måndag står Stavanger, Tromsø, Oslo og Fredrikstad for tur.

Forbrukartilsynet har sagt dei vil følgje med på kva paret formidler. Blant anna fordi sjuke forbrukarar ofte er sårbare forbrukarar.

Men pasientorganisasjonane prinsessa er kongeleg beskyttar for, vil ikkje problematisere samarbeidet med Durek Verrett.

– Vi ønskjer ikkje å blande oss i saka og svarer ikkje på dette, seier generalsekretær Petter Noddeland i Norges Døveforbund.

– Foredraget med Durek Verrett har ingenting med beskyttarskapet å gjere, seier forbundsleiar i Norges Blindeforbund, Unn Ljøner Hagen.

Bente Slaatten

Bente Slaatten i Norsk Revmatikerforbund.

Foto: Fotograf John Petter Reinertsen / Fotograf John Petter Reinertsen reinert@multinett.no

Norsk Revmatikerforbund ber, som epilepsiforbundet, sine medlemmer velje behandlingar som har vitskapleg dokumentert effekt.

Men prinsessa vil dei ikkje kritisere.

– Når prinsessen deltek på våre arrangement eller kampanjar, så er det alltid i tråd med våre etiske retningslinjer, skriv generalsekretær Bente Slaatten til NRK. Ho avslår å svare på yttarlegare spørsmål.

– Ingen kommentar

Nokre dagar etter sjaman-turneen, skal prinsessa kaste glans over Vivil-leikane på Nadderud Stadion i Bærum. Då som representant for det norske kongehuset. Leiar i hovudkomiteen David Støre vil ikkje kommentere prinsessa sine to roller.

Prinsesse Märtha Louise på Vivil-leikane i 2009.

Få dagar etter sjaman-turneen skal prinsessa representere kongehuset under Vivil-leikane i Bærum. Som kongeleg beskyttar har ho vore på leikane fleire gongar, her i 2009.

Foto: Sara Johannessen / NTB scanpix

Heller ikkje styreleiaren for Ridderrennet, Håkon Gisholt, har noko meining om prinsessa og sjamanen.

– Ho er ein flott ambassadør for oss. Ridderrennet har hatt kongelege beskyttarar heilt frå starten. Det er ein av pilarane i vår forening, seier han.

Kongeleg beskyttarskap

Ordninga med kongelege beskyttarskap er ifølgje kongehuset.no meint som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innan viktige område i samfunnet. Organisasjonane søkjer om å få ein kongeleg beskyttar. Normalt varer beskyttarskapa i fem år.

– Det har lenge vore kjent at prinsessa har vore engasjert i nyreligiøsitet. Likevel søkte vi om fornya beskyttarskap i 2015, seier Jørn Sibeko i Norsk Epilepsiforbund.

Sibeko seier dei ikkje har vurdert om dei er tente med å ha prinsessa som beskyttar vidare.

– Kva verdi har det for epilepsiforbundet å ha prinsesse Märtha Louise som kongeleg beskyttar?

– Ho kan hjelpe med å setje fokus på våre saker. Under 40 årsjubileet vårt i 2014 var ho med og kasta glans og bidrog til mykje større mediemerksemd enn vi elles hadde fått.

Prinsesse Märtha Louise har desse faste beskytterskapa:

  • Foreningen for Muskelsyke
  • Hørselshemmedes Landsforbund
  • Norges Blindeforbund
  • Norges Døveforbund
  • Norsk Epilepsiforbund
  • Norsk Revmatikerforbund
  • Ridderrennet
  • VIVIL Lekene

Ein organisasjon som ikkje har prinsesse Märtha Louise som kongeleg beskyttar, og som er svært kritisk til Durek Verretts påstandar om blodkreft, er Blodkreftforeningen.

I ei pressemelding oppfordrar dei Kongehuset til å ta avstand fra Verretts fråsegn:

– Kongehuset og helsestyresmaktene må umiddelbart stoppe kvakksalveri og alternative utspel som ikkje har noko grunnlag i verklegheita pasientar og det profesjonelle medisinske miljøet står i. Vi vil med dette åtvare mot slike amatørutsegner som blir spreidde i Noreg i desse dagar. Vi ventar ei klar og tydeleg melding frå Kongehuset, og at vidare marknadsføring av denne turneen blir gjort utan bruk av kongelege titlar, seier Olav Ljøsne, leiar i Blodkreftforeningen.

Les også: Eksperter uenige om Märthas rolle

AKTUELT NÅ